Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stor interesse for kvardagsdata

Jon Olav Ørsal Torsdag 6. februar 2020

Onsdag kveld var ny samling med «kvardagsdata» i Skulstuå. Denne kvelden var det PC-bruk og Windows som stod på programmet – og litt om bildehandtering. Det er etter kvart mange som har samla ein del bilder på sine mobiltelefonar, som har eit stort behov for å få bilda over på PC’n for å kunne sikre dei og kunne bruke bilda til nyttige ting. Denne kvelden vart det difor starta heilt frå grunnen av, med opplæring, prøving og feiling for å bli fortruleg med korleis ting i «dataverdenen» virka.

Windows var tema første kvelden – Jo Gjeldnes demonstrerer korleis katalogstrukturen enkelt kan byggjast opp for å få god oversikt. Foto: Jon Olav Ørsal

Eit titals deltakarar var møtt opp for å bli med på litt opplæring i kvardagsdata, med Anders Talgø og Jo Gjeldnes som instruktørar og rettleiarar.  mange var nok litt spent før dei starta, men vart fort fortruleg med opplegget når dei oppdaga at opplæringa starta heilt frå «skretch». Ved gjennomgang av korleis ting virka, og med prøving og feiling på eiga datamaskin så vart deltakarane fort fortruleg med bruk av Windows som operativsystem.

Kaffepause – Ragna Kvendset serverte kaffe og nystekte bakels til deltakarane på «kvardagsdata» Foto: Jon Olav Ørsal

Sjølvsagt var det også pause med litt traktering.  Ragna Kvendset ståka på kjøkkenet, og samla heile gjengen til kaffe og bakels rundt langbordet i pausen, der også kvardagsdata var diskusjonstema.  For kursleiarane var det nemleg viktig å finne ut kvar skoen trykkjer, og kva kursdeltakarane ønsker å lære meir om.

Neste veke blir det to økter
Onsdag 12 februar blir det to økter med kvardagsdata; bruk av iPad frå kl 12 – 14 og om kvelden kl. 19 – 21 med tema PC og bildebehandling: arkivering (filbehandling) og overføring av bilder frå telefon til PC, gjerne med bruk av «sky-lagring». Jo Gjeldnes blir med.
Nye deltakarar er velkomne også i øktene som kjem neste gong, eller seinare. Det blir repetisjon og kurshaldarane kjem til å passe på at alle kan henge med, seier kursleiar Anders Talgø til slutt.

Publisert: 6. februar 2020, 09:59