Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arne takkar av og blir pensjonist etter 28 år i Talgø

Jon Olav Ørsal Tysdag 4. februar 2020

Fredag var det samling på kantina på Talgø for å takke av Arne Rudningen, som vart pensjonist. Her vanka det både gåver, blomster og godord, og sjølvsagt vart det blautkake til kaffen denne dagen.  Som sagt har Arne hatt sin arbeidsdag hos Talgø dei siste 28 år. 

Arve Ervik takk for samarbeidet og overrekte blomster frå tilsette. Foto: Lillian Halle

Arne starta egentlig så tidleg som 1979, da han vart produksjonssjef i Krogenæs Møbelfabrikk og den jobben hadde han til han var dagleg leiar i Vågå Bruk i 1994. Seinare har Arne hatt fleire leiarjobbar i Krogenæs, Talgø Møbelfabrikk og Bindalsbruket. 

Når Arne no går av  med pensjon, så er det frå jobben som fabrikksjef for Elementfabrikken i Todalen, som dei siste 2-3 åra har vore i ei utbyggingsfase under hans leiing.  Vi kan konkludere med at det er ein erfaren og allsidig kar som no går over i pensjonistanes rekkjer. 

Elmer takka for innsatsen og overrakte gåve frå Talgøfamilien. Foto: Lillian Halle

Men vi får nok sjansen til å halde kontakt med Arne i fortsettinga også. Talgø vil nok framleis nyte godt av Arnes kunnskap og erfaring, og Arne vil nok framleis bli med som sjefskokk på jaktlaget i fortsettinga til stor glede for jaktkameratane. 

– Eg kjem nok til å sakne Todalen og folket der, men samtidig blir det også godt å være meir heime på Dovre, – der mellom anna husmaling vil stå på agendaen etter kvart. Vi ønskjer iallfall Arne lykke til med pensjonisttilværet og mange god år som pensjonist!

Publisert: 4. februar 2020, 19:17