Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ekstremvêret vart ikkje så ekstremt…

Jon Olav Ørsal Torsdag 6. februar 2020

Det var ikkje måte på med ekstremvarsel for onsdag og torsdag denne veka, men heldigvis vart det ikkje slik som yr.no og varsam.no varsla at det kunne bli. Faktisk var det meldt at det kunne kome inntil 200 mm nedbør i løpet av 48 timer.  Hadde det gjort det hadde det nok sett heilt annleis ut. Men faren var der, med ein del snø i fjellet og meldingar om mildvêr og regn med snøsmelting heilt til topps.

Kanalen frå Bordholmvegen og utover mot Talgøfabrikken gikk enno i føremiddag melfull. Foto: Jon Olav Ørsal

Frå «prærien» og oppover bygda er snøen borte, men i markagardane og oppover til Kårvatn er det nok snø til skiføre enno. Det var no ikkje så mykje regn innover Trollheimen, for målestasjonen ved Storfossen hadde ein topp i vassføringa i 11-tida torsdag på 27,8 m/sek.  Det er nok langt unna flaummålet som er på knappe 80 m/sek. Dei neste 3 døgna – fredag til søndag – er det ikkje meldt nedbør for Todalen, men den milde vêrtypen skal fortsett med temperaturar heil opp til rundt 10 varmegrader. Yr.no opprettheld varselet om stor snøskredfare, jordskredfare og fare for flaum – og spesielt snøskredfaren skal vi ta alvorleg med den tunge og våte snøen.

Det er vel litt uvanleg at det er full trøkk for Rossåkraft i februar. Men det hjelper egentleg lite når det er så låge prisar på strømmen som denne uvanlege vinteren må ta skylda for. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 6. februar 2020, 19:25