Førebur seg på Todalsdagen komande laurdag
Todalsdagen har lang tradisjon i Todalen Idrettslag. Det har liksom vore hovudinntekskjelda til idrettslaget og eit høgdepunkt med både fotball, loppemarknad og anna program i overgangen frå vår til sommar. På grunn av situasjonen som har oppstått i samband med handtering og regelverk for koronaviruset såg det ut for at arrangementet måtte avlysast. Etter som situasjonen har utvikla seg er det no gjeve ein opning for eit begrensa arrangement på Bordholmen komande laurdag, seier Nils Ove Bruset som er leiar i Todalen I.L.