Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7212 artiklar i dette arkivet.


Lys skaper trisel i mørketida

Jon Olav Ørsal Laurdag 19. desember 2020

Ein liten trimtur nedover Toåa tursti kan ofte gje deg ein ide om saker til Todalen.no.  Det er fint å gå frå Trøbakkan og nedover til Halsabrua, men det lønner seg å være litt forsiktig da det no finns litt is på enkelte plassar.  I dag  tok vi Liv Larsen «på fersken»da ho var i gapahuken i Båthølen for å skifte batteri i batterilykta som står på bordet der.  Egentleg veldig triveleg at nokon bryr seg om å skape litt trivsel no når dagen er på sitt kortaste, slik som Liv har gjort.  


Talgø går inn som majoritetseier i Melby Snekkerverksted på Eide.

Jon Olav Ørsal Fredag 18. desember 2020

På en pressekonferanse på i lokalene til Melby Snekkerverksted orienterte Terje Talgø i Talgø Invest og Bjørn Melby i Melby snekkerverksted om at Talgø går inn som majoritetseier i Eide-bedriften Melby.  Melby Snekkerverksted AS er en tradisjonsrik familiebedrift som produserer trapper og trappeløsninger. – Selskapet er eid av familien Melby og er lokalisert til Eide, i Hustadvika kommune. I dag har selskapet 22 ansatte, fordelt på design, oppmåling, produksjon, montering, administrasjon og salg. Daglig leder Bjørn Melby vil fortsette i en sentral rolle i selskapet også fremover.


Eik-sentret: Opningstider i samband med jula

Jon Olav Ørsal Onsdag 16. desember 2020

Eik-senteret i Surnadal melder om endra opningstid i samband med julehelga.  Julaftan er butikken stengt medan den er open 4. til 6. juledag 9-15  og nyttårsaftan 9-12. Laurdag 2. januar er butikken open 9-12.  Elles er det vanleg opningstid.  


Test pågår

Jon Olav Ørsal Torsdag 10. desember 2020

Her har vi lagt ut en musikkfil som skal testes – Todalen kyrkje


Æ elske å arbeide med blomster

Jon Olav Ørsal Onsdag 9. desember 2020

Ida Bochkon er blomsterdekoratør på Hageland Surnadal, og jobbar mykje med snittblomster/bukettar og sorgbinderi i ein eigen «verkstad» inne i butikken.  Ho har godt lag med blomster, og det skal da berre mangle, for ho har fagbrev som blomstedekoratør.  Det går leikande lett å sette sammen ein flott bukett med fargerike blomster som praktisk talt lyser opp i den mørke årstida vi no er inne i.  


Sjekk om du vart ein vinnar?

Jon Olav Ørsal Måndag 7. desember 2020

I dag har det vore trekkjing i den digitale basaren til Nordvik Grendalag.  Det var mange gevinstar og selt mange lodd, og  det har skapt mange vinnarar som nok er spente på om dei er komne med på trekningslista.  Vi skal ikkje halde dykk på pinebenken, så det er berre å trykke på linken «les meir» så får du sjå heile trekningslista!  Nordvik grendalag nyttar høvet til å takke alle som har bidrege med loddkjøp!


«Minnenes melodi»: – Prima lokalhistorie frå Mosokn

Jon Olav Ørsal Måndag 7. desember 2020

For nokre veker sia kom Grete Oddny Moen Aarnes på marknaden med ei bok på eige forlag. «Minnenes melodi» hadde ho kalla boka og det er ein slags mellomting mellom minnebok og bygdebok, der Grete har skrive om oppveksten sin i Øvre surnadal, eller rettare sagt Mosokn.  Ho startar forodet i boka med å fortelje at ho har lyst til å skrive om barndomen sin og om oppveksten og opplevelsane ho hadde i Mosokn. Det er nok eit godt utgangspunkt for å få til ei god bok.


TrondheimSolistene og Nidarosdomens Jentekor avslutta Vårsøghelga

Jon Olav Ørsal Sundag 6. desember 2020

Vi kan jammen seie at TrondheimSolistene og Nidarosdomens Jentekor avslutta Vårsøghelga,eller kanskje ein heller skal seie Vårsøgåret, på ein verdig måte.  Jammen fekk vi vera vitne til ei flott førestilling i Storstua på kulturhuset søndag ettermiddag –  TrondheimSolistene og Nidarosdomens Jentekor må være noko av det ypperste vi kan bli bydd på her på traktene.


Stor aktivitet på byggefronten i Bindal

Jon Olav Ørsal Sundag 6. desember 2020

Bindalsbygg og Talgø Møretre har den siste tida opplevd stor aktivitet på byggefronten i Bindal.  På Terråk var det denne veka overlevering av Hellifossen kraftverk, der Bindalsbygg har hatt betydelege levranser gjennom samarbeidspartneren Nærøysund Entreprenør.  I Terråk sentrum er det ein 4-mannsbustad i to etasjar under bygging, og er planlagt ferdig på etterjulsvinteren. 


Etter ein halvtime kom jerven på åtet

Jon Olav Ørsal Laurdag 5. desember 2020

Skal du være jervjeger og drive åtejakt, så må du ha god tid og planlegge langsiktig – og så må du være på plass når jerven kjem.  Alt dette klaffet for Stig Are Gulla på tampen av gårdagen.  Stig var ute på observasjonsrunde og for å kontrollere mårfellene han har plassert ut i går, og da såg han at det har vore aktivitet på jervåtet han har lagt ut – restane etter eit rådyr som kanskje gaupa har teke tidlegare i haust.  Rett før skyminga tok til i går ettermiddag sette han seg på post…..


Ein heilt uverkeleg start på dagen

Jon Olav Ørsal Onsdag 2. desember 2020

Det var kommentarane til Svanhild Kvendset som oppdaga at det var eld laus i heimen hennar og ektemannen Ola.  Svanhild fortel at det var vakne tidleg, men at dei oppdaga at det var unormal røyklukt på soverommet. Svanhild stod opp og var ned i 1. etasjen og der var det meir røyk. På tur ned lofttroppa løyste røykvarslarane ut og det vart eit forferdeleg leven.


Koronavaksina som vi ventar på…

Jon Olav Ørsal Tysdag 1. desember 2020

Vi hører rett som det er at det blir gjort framskritt og positive testresultat frå dei som driv og utviklar koronavaksine.  Vi høyrer og at regjeringa har «hengt seg på» og kjøpt vaksinar som dei skal tilbyd det norske folk heilt gratis, slik at den som vil skal få ta ei vaksine.  Det blir no forska og testa for fullt, og det er antyda at dei første dosane med vaksinar kjem ein gong utpå nyåret.  Måndag 30.11.2020 la surnadal kommune ut informasjon om korleis dette omfattande vaksinasjonprogrammet vil bli organisert og gjennomført: