Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Det snør og det snør

Jon Olav Ørsal Sundag 31. januar 2021

Det er nok mange som har teke sin tørn med snørydding i dag – vi er iallfall velsingna med rundt 30 cm nysnø – fin puddersnø – som nok mange sett stor pris på.  Men det var nok inga overrasking etter som snøvêret både i går og i dag var meldt på både Yr.no og på Storm.

Det meste er nok unnagjort no, men litt til må vi kanskje rekne med utover dagen, dersom ein skal tolke vêrmelding rett.  Med mykje løs nysnø er det nok grunn til å være forsiktig og tenke på rasfaren for den som har tenkt seg ut på ski – i allfall dersom du vil til fjells. 

langtidsvarselet er meldes det kaldt og fint vêr i heile 10-dagersperioden, med temperaturar heilt ned i 10-12 minusgrader.  Det er imidlertid fint vêr å være ut i, for det meldes vind frå søraustleg retning på 1-3 m/sek.  Det ryktes faktisk av meteorologane ser for seg at heile februar skal bli kald, med tilføring av kaldluft frå Nordpolen eller iallfall Arktis.  Kor påliteleg denne spådommen er står det att å sjå. 

 

Publisert: 31. januar 2021, 13:05