Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vidarefører tiltaka, men gjer enkelte justeringar 

Jon Olav Ørsal Måndag 18. januar 2021

På regjeringas pressekonferanse i dag vart vi informert om at dei vidarefører dei fleste tiltaka for å begrense smittefarenn.  Men det blir gjort enkelte endringar for å lette på enkelte tiltak – mellom anna blir det atter høve til å ta i mot besøk heime med inntil 5 personar dersom du har plass.  Men 1-metersregelen gjeld framleis! 

Ungdomsskulen og vidaregåande skular blir justert frå rødt til gult nivå, men framleis pålegg om rødt nivå i kommunar der det er beghov for det.  Og så blir det opna for at barn og unge kan ta del i fritidsaktivitetar.  Skjenkeforbudet blir imidlertid ståande, sjølv om det har kome sterke protestar frå næringa.   Regjeringas tiltak er nasjonale krav – i kommunar der det er naudsynt kan det settast strengare krav lokalt. 

Publisert: 18. januar 2021, 19:41