Gjev pris til Sanitetskvinnene Surnadal, Torvik og Todalen
Det var Surnadal Sparebank som gjorde ære og stas på Sanitetskvinnene i Surnadal – det vil si dei tre sanitetsforeningane i Surnadal, Torvik og i Todalen. Tysdag vart dei overrekt Surnadal Sparebanks Utviklingspris – den tjuande i rekkja og kanskje den siste. Iallfall den site i Surnadal Sparebanks regi, etter som banken blir ein del av Sparebank1 Nordmøre frå 3. mai.