Avlyser påskearrangementet på Nordviksetra
Frå styret i Nordvik Grendalag har vi fått melding om at grendalaget følgjer oppfordringa til regjeringa om å avlyse alle planlagte arrangement på grunn av koronasituasjonen.
Vi fann 7182 artiklar i dette arkivet.
Frå styret i Nordvik Grendalag har vi fått melding om at grendalaget følgjer oppfordringa til regjeringa om å avlyse alle planlagte arrangement på grunn av koronasituasjonen.
Så langt i smittesporinga har vi ingen fleire positive prøveresultat, men ein ventar enno på svar på alle prøvane om det er eit mutert virus det dreier seg om.
Dette er status 21. mars:
I dag er det ein spesiell dag, for i dag er det vårjamndøg og da er dagen og natta like lang, ikkje berre her i Todalen men faktisk over heile verda. Heilt nøyaktig skjedde det i dag, 20. mars kl 10.37 CET – altså på formiddagen. Da kan vi faktisk allereie i morgon glede oss over at dagen er lengre enn natta, og snart er det faktisk sommar igjen, og bra er det!
Laurdag var det ei lita samling i ungdomshuset for dei som er var interessert i lokale stadnamn og arbeidet med å samle inn og registrere. Det var Todalen historielag som prøvde å finne folk som er interessert i temaet og som kan tenkje seg å jobbe litt med å samle og registrere gamle stadnamn. Mange lokale stadnamn har nok forsvunne av den enkle grunn at dei er gått ut av bruk – eller er i ferd med å gå ut av bruk.
Styreleiar I Todalen.no, Stig Husby var nok litt spent på korleis det skulle gå å arrangere årsmøtet på digistalt vis, med møtedeltakarane plassert framfor skjermen på kvar sin PC eller iPad. Men det var ingen grunn til å engste seg, for det gikk fort og grei å koble opp dei 12-13 møtedeltakarane og så var det berre å sette gå i gang med saklista. Med vanlege årsmøtesaker så gikk både opprop, årsmelding og rekneskap unna i ein fei.
Todalen historielag har mange jarn i elden, og må finne seg i å prioritere arbeidsoppgåver med å sikre at historia blir teken vare på så bra som muleg. Eit prosjekt dei no held på og bles nytt liv i er registrering av stadnamn. Er du interessert i stadnamn og kan tenkje deg å ta del i dette arbeidet vil nok historielaget sette stor pris på det. I Todalen ungdomshus har Sven Olav Svinvik, Eivind Grønmyr og Ragnar Halle rigga seg til med kart og info-mapper for å finne ut kvar det er gjort minst med tanke på registrering av gangle stadnamn.
I ei felles pressemelding fra Alvdal Skurlag, Talgø MøreTre og Marnar Bruk informerer produsentene av royalbehandlet kledning om resultatet av den bebuda testinga som har pågått den siste tiden. Bjørn Hauglann som er divisjonssjef for Salg og marked i Talgø MøreTre fortel at denne saken har fått stor fokus både hos Talgø, forhandlere/entreprenører og blant forbrukerne. I arbeidet med branntestingen har ekspertise på alle felt vært involvert, og som sagt følger en felles pressemelding nedenfor.
Det lakker og lir mot en ny sesong for laksefiske i Toåa. Årets- og neste års sesong vil bli spennende for Todalen Elveeigarlag som setter i gang en prøveordning. Det har i vinter vært jobbet med et nytt opplegg som vil innebære et tak for antall samtidige fiskere i Toåa. Samtidig er det lagt vekt på at en skal ta vare på lokale fiskere både med tanke på tilgjengelighet og pris.
Det er Gunnar Nordvik som kjem med denne oppfordringa. Han har hytte på Nordvik (Per-hytta), og fortel at det er eit flott turmål rett ovafor hytta hans som heiter Skarvan. Derfrå er det viden utsikt, nærast i alle retningar. I går monterte Gunnar ein nylaga kvilebenk på denne plassen, som ligg på 720 m.o.h. og har utsikt utover alle «fysne».
Da vi var innom fjøset hos Todalen mjølk i Pestua var det full aktivitet med kluvstell på dei vel hundre mjølkekyrne. Det var 2 mann frå Trollheimen klauvservie som hadde montert opp den avanserte klauvboksen inne i fjøset og så stelte dei klauvene på kvar si side av boksen.
Ein tilsett i Surnadal kommune vart innlagt på sjukehus torsdag ettermiddag, etter at vedkommande hadde vorte vaksinert med AstraZeneca sin vaksine på onsdag. Vedkommande hadde fått ein uventa kraftig reaksjon og bad difor om helsehjelp. Etter undersøking på sjukehus vart vedkommande utskriven same kveld og skal no ha det bra.
Det har vore mykje att og fram rundt informasjonen om vaksinasjonsprogrammet i det siste. Vi har derfor trekt attende pressemeldinga som var lagt ut tidlegare i dag, og legg no ut ei ny og oppdatert pressemelding om AstraZeneca-vaksina frå Surnadal kommune.
På grunn av nye opplysningar om reaksjonar etter vaksinering med AstraZeneca sett FHI vidare vaksinering med denne vaksinetypen på vent. Bla videre og les pressemelding frå kommunen: