Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Med litt sol og varme kjem blomstringa for fullt

Jon Olav Ørsal Torsdag 20. mai 2021

Katarina Wedelsbäck Bladh hadde håpa på litt meir sol og varme før opninga av arboreteet på torsdag, men er godt nøgd med yr.no sin prognose for pinsehelga.  Rododendronhagen i Svinviks arboret er nemleg klar for storstila blomstring, og ventar berre på sommarvarmen for å sette fortgang på blomstringa, seier Katarina Wedelsbäck Bladh, som er fagleg leiar i arboretet. 

Katarina er svensk, og har det siste året bruka 60 dagar på korona-karantene for å kome heimefrå og til arboretet i Svinvika – men ho er like blid for det, og er no forlengst klar til å sette full speed på på både rododendronblomstringa og på fruktblomstringa. 

Det er no planta ut mange gamle eplesortar som tidlegar fantes i frukthagen – 80% av dei gamle sortane er alt på pplass i hagen, seier Katarina Wedelsbäck Bladh.

Ein av plommesortane som kom til Noreg frå England i 1870 Foto: Jon Olav Ørsal

Fruktblomstringa er nemleg berre ei veke unna, før den også kjem med full tyngde.  Fruktblmstringa blir kanskje det 2. store attraksjonen etter kvart.  I gamle dagar var det rundt 600 frukttrær i frukthagen her.  Dei siste åra har det pågått ei storstila restaurering av frukthagen her, og Katarina Wedelsbäck Bladh fortel at rundt 80% av dei gamle sortane no er attende i frukthagen i arboretet.  Den gongen var det 65 sortar med epler, 20 sortar pærer og 20 sortar plommer i hagen.  Halvard hadde planer om å produseree frukt for sal, men han var nok meir vitenskapsmann enn kremmar og dermed vart det mer forskning på nye sortar enn fruktproduksjon for sal. 

No er Svinviks arboret med på  arbeidet med å sikre genene frå gamle fruktslag.  Når det gjeld frukttre så kan ein ikkje berre samle frå og legge i genbanken på Svalbard, men ein må ha friske kvistar som må podast inn og plantes ut i hagen. Derfor er det viktig å dyrke frukttrea på fleire plassar, slik at dei ikkje blir utsletta på grunn av sjukdomar.  Dette er eit prosjekt som har pågått dei siste åra, og arboretet har fått midlar frå Landbruksdirektoratet til dette prosjektet. I arboretet har det vore gjort eit omfattande arbeid med poding og utplanting dei siste åra, og Katarina Wedelsbäck Bladh skryter av Sven Olav Svinvik og vaktmester Ola Bruset som har vore til god hjelp i dette arbeidet. 

heile gjengen samla – frå venstre Maja Frønes, Sissel Halset Storslett og Katarina Wedelsbäck Bladh. Det blir open kafe i sommar, men på grunn av koronasituasjonen så blir det satsa mest på uteservering. Foto: Jon Olav Ørsal

No er vi glade for at vi er i gang med ein ny sesong, fortel Maja Frønes som er dagleg leiar for Svinviks Arboret.  Sesongen i fjor var nok litt spesiel på grunn av koronasituasjonen, og det vil nok prege årets sesong, trur Maja.  Dei hadde i fjor ganske mange drop-in-besøk, men gruppane var stor sett fråværande bortsett frå nokre få.  I år ser det også ut for at gruppene blir fråværane, men vi har hatt ein del interesse frå gruppereiser.  Her blir nok smittevernsreglane avgjerande utover våren. 

Rododendronhekken ved inngangen – eit par dager no så er det full flor. Foto: Jon Olav Ørsal

Blomstringa har starta i rododendronhagen. Det kjem nok nytt kvar dag no utover – no er det verkeleg verdt å ta turen til Svinviks arboret. Foto: Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 20. mai 2021, 16:30