Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

20.05.2021: Status for koronavaksineringa med ny vaksinestrategi

Jon Olav Ørsal Torsdag 20. mai 2021
Regjeringa kunngjorde i ein pressekonferanse den 19. mai si endelege beslutning om å endre vaksinestrategi.
Praktiske konsekvensar med ny vaksinestrategi:
Endring i vaksinestrategien får konsekvensar på to område. For det første medfører dette ei ytterlegare geografisk skeivfordeling av vaksiner over ein periode på omlag 7 veker. 309 kommunar i Norge skal i denne perioden avstå i snitt 35% av sine vaksinedoser til ei gruppe kommunar med vedvarande høgt smittetrykk og inngripande tiltak.
For det andre medfører endringa at dei unge i heile landet rykkar fram i vaksinekøen. Når alle over 45 år er vaksinerte, skal gruppa 18-24 år vaksinerast parallelt med gruppa 35-44 år. Til sist kjem gruppa 25-34 år.Det blir slett ikkje pause i vaksineringa, men vi får ikkje den store auken i vaksineleveransane like tidleg som vi hadde håpa på. I praksis får vi ei forskyving av 38% av dei førespegla vaksinedosene vi opprinneleg skulle ha motteke for juni og delar av juli. Vi får i staden desse vaksinedosene dei siste to vekene av juli og første veka i august. Vi ser at dette blir ei krevande oppgåve midt i fellesferien, men vi er innstilt på å brette opp ermane for å få dette til. Vi har eit utruleg dedikert personell av eigne tilsette og frivillige som stiller opp for innbyggarane til vi er i mål med vaksineringa.

Vaksinerings-milepæl den 4. juni

Det er gledeleg at alle i gruppe 4 får dose 1 og alle helsepersonell får dose 2 innan 4. juni. Fredag 21. mai sender vi ut SMS til alle 1955-56-modellane som da kan gå inn å booke seg time til 4. juni på nettsida c19.no. Hugs å ta med utfylt eigenerklæringsskjema til vaksineringsdagen. Skjemaet finn du her.

Under er eit lokalt foreløpig estimert vaksineringsscenario for sommaren, basert på jamt vaksineringstempo innan storleveransane kjem frå siste del av juli:

Vaksineringsscenario der alle i ei gruppe har fått tilbod om dose 1
Vaksineringsgruppe
Alder /risikogruppe
Dose 1
Doseintervall (veker)
Gruppe 4 65-74 år og personar 18-64 år med høg risiko Veke 22 6
Gruppe 5 55-64 år med underl. sjukdommar Veke 23-24 6
Gruppe 6 45-54 år med underl. sjukdommar Veke 25 6
Gruppe 7 18-44 år med underl. sjukdommar Veke 25 6
Gruppe 8 55-64 år Veke 26-28 12
Gruppe 9 45-54 år Veke 29-30 12
Gruppe 10 18-24 år og 35-44 år Veke 29-30 12
Gruppe 10 25-34 år Veke 30-31 12

Vi må vere innstilte på at det kan komme enkelte justeringar som påverkar vekeoppsettet i det lokale vaksineringsscenarioet. Vi veit heller ikkje når FHI vil endre doseintervallet frå 12 til 6 veker igjen. 

Testing

Til sist minner vi om at det er viktig å teste seg ved symptom som kan vere covid-19 slik at vi fangar opp eventuelle smittetilfelle raskast muleg i ei tid kor mange er meir sosiale enn før. Koronatest bestiller du også på c19.no Det går i tillegg an å bestille hurtigtesting hos Midtnorsk HMS-senter i Surnadal dersom ein ikkje har symptom, men treng ei avklaring.  

Med dette ønskjer vi alle ei triveleg pinsehelg!

Publisert: 20. mai 2021, 16:04