No kan du prøve deg på glamping i Ramnefloget
Det er nok mange som hugsar artikkelen vi hadde i fjor om Ramnefloget og Vegatrappa som Talgø Møretre leverte til Vega. På vege ligg dei ikkje på latsida, så i år har dei satsa vidare på Ramnefloget Base Camp, og og Talgø er framleis med gjennom Talgø Bygg som har levert 20 «ærfugl-hytter» – enkle hytter i trekantkonstruksjon – som skal leies ut til folk som ønskjer å overnatte i området. Dei inneheld ganske enkelt berre madrasser, dyner og puter til 2 senger – «glamping» er det nye ordet på alles lepper på Vega!