Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ute på hemmeleg oppdrag i elva

Jon Olav Ørsal Sundag 1. august 2021

Søndag trefte vi Ole Martin Øyen i Oddøyhølen – han kom nærast «flytande på ei fjøl» forbi, og kom opp av elva for å ta ein liten pause.  Han var utstyrt med dykkardrakt, snorkel og dykkarbriller, og var ut på oppdrag for Todalen elveeigarlag – og var spesielt på utkik etter pukkellaks.

Det er spesielt pukkellaks det blir kika etter under dykkinga i Toåa i år. Foto: Jon Olav Ørsal

Elvaeigarlaget tek ein sjekk på «rikets tilstand» kvart år, da dei sender dykkarar nedover elva for å sjå korleis tilhøva i elva utviklar seg frå år til år.  I år har dei hatt spesiell fokus på pukkellaksen etter som bestanden ser ut til å vekse i dei norske lakseelvane.  Ole Martin rapporterer resultatet til styret i Todalen elveeigarlag etter at oppdraget er ferdig.

Denne Møresilda hang fast i ei rot – no heng den på ei hylle i gapahuken i Gunnøya! Du som har mista den kan hente den der! Foto: Jon Olav Ørsal

Lite vatn i Toåa akkurat no – lett å skaffe seg oversikt i hølane når du dykkar. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 1. august 2021, 16:03