Veghøvling i Dalavegen i dag
Den som har køyrt Dalavegen i det siste har nok opplevd marerittet med djupe hol – tett i tett. No blir det gjort noko med det, for torsdag morgon var veghøvelen i full gang opp Falla frå Trudvangkrysset. Kommunevegen frå Trudvangkrysset og oppover til Kårvatn er kommunal grusveg, og da er det behov for å bruke veghøvelen ein gong i mellom.