Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Godt budd på julehandelen – no opnar «Juleland»

Jon Olav Ørsal Onsdag 3. november 2021

Torsdag er det «offisiell» opning av julesutstillinga på Hageland – eller Juleland som dei kallar det i marknadsføringa av årets julehandel i Hageland.  Vi er godt budd på julehandelen, til tross for at det har vore leveringsproblem på enkelte varer. Mellom anna er dei kunstige juletrea som kjem frå Østen litt forsinka, men etter lovnadene så skal dei snart være innafor rekkjevidde, sier Hubertine Rubrink som er «juletresjef» ved Hageland.

Ida Bochkon er blomsterdekoratør og elsker å jobbe med bukettar og samanplantinger. Og for henne er det høgsesong no fram mot jul. Ho minner både bedrifter og privatpersonar om at det lønner seg å være tidleg ute med bestillingane i tida fram mot jul. Foto: Jon Olav Ørsal

– Gjengen på Hageland Surnadal har stått på med juleutstillinga i fleire veker og torsdag 4. november kl 10.00 skal det meste være på plass, og det er klart for å ta i mot kundane, seier Hubertine, som no er glad for at alt er klart.  Vi har vel aldri lagt så mykje arbeid i juleutstillinga og no gler vi oss verkeleg til å vise fram «jula vår» til kundane.  Dette markerer vi skikkeleg med 30 % rabatt på julevarene denne veka – frå torsdag til laurdag.  Torsdag blir det langope (10.00 – 21:00) med traktering og gode greier. Sjå forøvring annonse for opninga av Juleland.

Annonsen talar for seg – man hugs at det er lagope komande torsdag til kl 21.00.

Vi har laga eit stort bildegalleri frå butikken – her kan du sjå at det er stor breidde både i julevarer og møbler.  Alle foto Jon Olav Ørsal

 

Først publisert: 3. november 2021, 06:00 - Sist oppdatert: 2. november 2021, 17:28