Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tømmerdrift i Brekklia – rundt 2000 m3 skal hoggast

Jon Olav Ørsal Fredag 5. november 2021

I Brekklia i Brusetmarka har det dei siste par vekene vore full aktivitet i det store granfeltet som høyrer Bruset til.  Det er Sollid Skog som gjennom Allskog er entreprenør, og sørger både for hogging og transport fram til veg.  Rundt 2000 m3 står på hogstplana før dei gir seg, fortel Ola Dalsegg til Todalen.no.

Området i Brekklia i Brusetmarka der arbeidet pågår – rundt 2000 m3 med gran skal hoggast før dei avsluttar arbeidet. Foto: Jon Olav Ørsal

Granfeltet som no bli drive fram er ein del av eit større granfelt i Brekklia.  Starten på drifta her var eit par tusen kubikk i 2013, og no blir det meste av Brekklia teke med.  Tømmerbilane har nærst gått i skytteltrafikk den siste, og teke unna tømmeret etterkvar som lastbæraren har frakta tømmeret ned til Dalavegen som går forbi. 

Onsdag var det forresten eit uhell i Brekklia, der det under manuell felling skjedde eit beinbrot.  På grunn av at det skjedde i eit ulendt terreng var det litt problem med å frakte personen fram til veg, men med hjelp frå helikopter og hjelpekorpset i Surnadal gikk det greit å få vedkomande fram til ambulansen og vidare til sjukehus. 

 

Publisert: 5. november 2021, 12:51