Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Stordrift i Brusetmarka

Stordrift i Brusetmarka

Jon Olav Ørsal Tysdag 5. mars 2013

Denne veka er det stordrift med granhogging i Brusetmarka. Det er deler av granfeltet til Ola Bruset som no skal til pers, og i denne omgangen skal det driver fram ca 12-1500 m3, av eit totalt omfang på nærare 6000 m3. Det er Sollid Skog AS i Surnadal som arbeider med ei stor hogstmaskin og ein lastbærar til å kjøre fram tømmeret. I tillegg har dei og ei gravemaskin tilgjengeleg for å lag  korte køyrevegar der det er naudsynt for å få fram tømmeret.

Bruset reknar med at Sollid Skog vil bli ferdig med prosjektet i løpet av eit par veker. Resten av granfeltet vil bli hogd ut bli i løpet av ein 10-årsperiode og i 2-3 etappar til, seier Bruset til todalen.no.

Heile granfeltet i lia nedafor Brekkorin vart planta frå midten av 50-talet og framover til 1964. Kåre Bruset planta det meste av granplantene, medan Skogsgjengen  – Lars Husby (Haugtun) og Johan Kvendset (Trøn) planta dei siste granplantene på 60-talet.

Bildegalleri frå skogsdrifta i Brusetmarka.  Alle foto: Jon Bruset

Først publisert: 5. mars 2013, 00:01 - Sist oppdatert: 4. mars 2013, 22:04