Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Med slakting som valfag – greit å vite korleis maten blir til…

Jon Olav Ørsal Tysdag 2. november 2021

På Taekwondo-lina på Nordmøre Folkehøgskule driv dei ikkje berre med kampsport.  For å få litt avveksling må vi finne på andre aktivitetar, slik at vi får tømme hovundet innimellom, seier Kjell Gunnar Polden, som er leiar for dette linjevalet på folkehøgskulen.  Dei siste par dagane har det vore så utradisjonelle at dei har drive med slakting, og foredling av slakt.

Ragnar og Robert går laus på jobben med partering av låret. Foto: Jon Olav Ørsal

Det går da ut på å lære seg å partere slakt og nedskjæring av slakt.  Dermed får dei lære korleis dette foregår og korleis dei kan lage den reine og gode maten. Seinar skal dei lage fleire rettar, og lære seg korleis maten blir laga frå grunnen av.  Heile Taekwondo-gruppa driv no førebuing til NM, men dette er altså aktivitetar som skal være hjelp til å kople av og tenkje på andre ting.  Tidlegare i år har dei vore med på potetopptaking, og innhausting av frukt, bær og grønsaker.  

her starta jobben med nedskjæring av slaktet – frå venstre Nora, Ragna og Kristian. Foto: Privat

Til slakteopplæringa og parteringa har dei fått god hjelp frå Talgø og Kårvatn jaktlag, og her har dei hatt god bistand frå Anita Talgø og Ragnar Halle som har vore læremeistrar, og vist fram og forklart korleis ting skal gjerast og kvifor det blir gjort slik.  Dei har fått lære namna på dei forskjellige kjøttstykka og kvar dei sit på dyret – og sjølvsagt kva dei kan brukast til.  Ein lagar sjølvsagt ikkje kjøøtdeig av indrefilet, men heller ein god biff.

Indrefileten lagar du ikkje kjøttdeig av, men gjerne ein fin biff. Nora får veiledning av Anita Talgø. Foto: privat

Som sagt skal dei samlast seinare for å lage mat og smake, og da vil det også bli lagt stor vekt på sosialt samvær som ein del av lagbygginga som vi jobbar med seier Kjell Gunnar Polden.  -Han legg til at dei er komne godt i gang med dette, og gruppa har lært seg å sette pris på bakels og graut, og har faktisk lært seg å lage til både bakelsrøe og smørgraut etter todalstradisjon.  Og enno er det mykje att av skuleåret som varer heilt til mai i neste år.

Låret er ferdig partert – greit å vite kva som er kva, og kva dei forskjellige delane kan brukast til, seier Kasper Elvene som får instruksjon av Ragnar. Foto: Jon Olav Ørsal

Her blir det kjøttdeig – maling, vakuumpakking, vegin og merking. Kasper , Nora og Kjell Gunnar. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 2. november 2021, 16:14