Tydalsnebba – utfartsdag utan like
Laurdag var det mange som nytta høvet til toppturpremiere – vi veit ikkje kor mange som til slutt hamna på Tydalsnebba, men parkeringsplassen på Kårvatn var på det næraste fullparkert heile dagen. Kvar er det vel finare å renne enn i Dalalia med nylagt pudderføre heile vegen frå Tydalsnebba og ned til Kårvatn.