Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Romjulsmarsj med ny vri vart suksess

Jon Olav Ørsal Måndag 27. desember 2021

Romjulsmarsjen er ein godt innarbeidd traisjon i Todalen – tradisjonelt har det vore to «gløggstasjonar» – på Bruset og på Sandstad – med registrering, og med utdeling av medaljer som eit synleg bevis for deltaking.  I år er opplegget endra, og sjølvsagt tilpassa situasjonen med smittefare for covid-19, og det gjorde ein forskjell som kanskje ga årets Romjulsmarsj rekorddeltaking. Tilsaman vart det 165 deltakarar, pluss 2 hestar og eit utall hundar – noko TILs trimgruppe er godt nøgd med.

Som sagt så er arrangementet koronatilpassa, og difor var det ikkje gløggservering i år, og deltakarmedaljene er bytta ut med meir nyttig premie.  Alle som deltaok i år fikk nemleg eit «Tursti-lue», så no vil nok deltakarane frå Romjulsmarjen kunne kjennast att, med sie fine og nye luer. Og den var heilt gratis for alle som deltok.  Og turen kunne du legge akkurat dit du ville og passere dei bruene du sjølv ønska – Hengbrua, Phillipsbrua, Brusetbrua, Øyabrua eller Halsabrua – og så tilpasse rundet etter eige behov for trim.  

TILs trimgruppe var vertskap på stasjonen ved Bruset – frå venstre Anita Talgø, Elinor Bolme, Lars H. Kvendset og Sissel Halset Storslett – foto Jon Olav Ørsal

Romjulsmarsjen har tradisjonelt vore eit populært arrangement – det er godt å kome seg ut og få litt mosjon etter eit par-tre juledagar med massevis av god mat.  Og ikkje minst er det veldig sosialt – du treffer både naboen og folk som du ikkje treffer så ofte på ein slik trimrunde.  

På stasjonen på Bruset var det og loddsal – med romjulslotteri med massevis av fine premiar.  Her gikk loddsalet strykende og det vil det nok fortsette med heilt fram til midnatt – så dersom du vil supplere med fleire lodd kan du gjøre det heilt fram til midnatt tredje juledag.  Trekninga blir kunngjort som eiga sak på Todalen.no på 4. juledag. Kjøp lodd med Vipps-nr 527926

Det vart etter kvart mange som tok runden via Bruset – somme med spart og somme med hestar eller hundar som selskap. Triveleg å treffast på denne måten i alle fall. Foto: Jon Olav Ørsal

På Bruset var det også tippekonkurranse – du skulle tippe talet på drops i glaset.  Her var det tippa både store og småe tal etter kvart, men den som kom nærast var Line Kvendset som tippa 252 – medan det rette talet var 249. Stort nærare kjem du ikkje!

Vår utsendte med kamera har laga eit stor bildegalleri, der dei aller fleste deltakarane er representert.  Namnsetting manglar, men fleire har ytra ønske om at vi ikkje skal bruke namn – det tar vi hensyn til.  Men gå inn og sjå det store bildegalleriet – du treffer heilt sikkert folk du kjenner!  Alle foto:  Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 27. desember 2021, 15:39