Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lokal smittestatus og utvida opningstider for koronatesting frå 3. januar

Jon Olav Ørsal Onsdag 29. desember 2021

Lokal smittestatus pr 29.12:  Kommunen fekk i går melding om 5 nye bekrefta smittetilfelle med positive PCR-prøvar. Smittetilfella er knytt til reiser og julebesøk og utgjer ikkje ei einsarta gruppe. Vi avventar svar på nokre fleire PCR-testar innan nyttår. Einingsleiar Gunn Bredesen i Helse og familie, opplyser at folk er kjøle flinke til både å teste seg og til å varsle ved positiv hurtigtest. Dette gjer at vi per i dag har oversikt og kontroll på smittesituasjonen i vår kommune, skriv Surnadal kommune i ei pressemelding. 

Utvida opningstider ved lokal teststasjon
Vi reknar med at behovet for avklaring med PCR-test vil auke i januar. Frå 3. januar kan du difor igjen bestille koronatest på c19.no
Teststasjonen vil vere open for bestilling av PCR-test måndag, onsdag og fredag frå kl. 10.30. Opningstidene ved teststasjonen vil variere etter smittesituasjon og behovet for testing dei dagane teststasjonen er open. 
Symptomfrie personar som er pålagt å forevise PCR-test i forbindelse med arbeidreiser kan henvende seg til Surnadal legesenter på telefon: 71 65 78 00.

Publisert: 29. desember 2021, 12:22