Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tydalsnebba – utfartsdag utan like

Jon Olav Ørsal Laurdag 8. januar 2022

Laurdag var det mange som nytta høvet til toppturpremiere – vi veit ikkje kor mange som til slutt hamna på Tydalsnebba, men parkeringsplassen på Kårvatn var på det næraste fullparkert heile dagen.  Kvar er det vel finare å renne enn i Dalalia med nylagt pudderføre heile vegen frå Tydalsnebba og ned til Kårvatn.  I dag var det sol på toppane og om nokre veker er sola attende i heile Dalalia. 

Det var fullt på parkeringsplassen på Kårvatn sist laurdag. I bakgrunnen ser vi Dalalia der det no er fint pudderføre. Foto Jon Olav Ørsal

Vi snakka med fleire som heldt på og rigga seg til på parkeringsplassen, og alle hadde eit felles mål for turen – Tydalsnebba på 1274 m.o.h.   Denne toppen har fått stor merksemd etter at det dei ti siste åra har vore arrangert både NM, NC og andre konkurransar der norgeseleiten i Randonee har delteke. 

Og at denne sporten har grepe om seg er det ingen tvil om.  I butikken til Kårvatn Fjellutstyr var det full sjau med montering av bindingar på randonee-ski.  Det vart montert og tilpassa fleire par på den korte stunda vi var innom, og det var kundar både frå Orkland og Trondheim i tillegg til lokale kundar frå distriktet her.

Har du lyst til å prøve randoneekjøring før du kjøper utstyr, så har Kårvatn Fjellutstyr eit opplegg med utleie av utstyr – så kan du prøvekjøre i Dalalia.  No er det fint pudderføre og ideelle tilhøve i lia som ligg eit par steinkast frå butikken.  

Kari Ljøkjel og Astrid Moen Fagerli kom frå Orkland for å kjøpe randoneeutstyr. Dei skulle ikkje til Tydalsnebba denne dagen, men skulle først teste ut utstyret heime – med turar til Gimsehøyden, Jonlifjellet og andre lokale turar. Gudmund Kårvatn tilpassar og monterer bindingar. Foto: Jon Olav Ørsal

Klar for Tydalsnebba – Johannes Minge og Erik Kvaløy som kom frå Trondheim for topptur i Todalsfjella. Foto Jon Olav Ørsal

Denne dagen vart det tur til Tydalsnebba for Kine Sæter og Sindre Havik. Foto Jon Olav Ørsal

Dalalia – eit eldorado for randoentusiastar når pudderalarmen går. Foto Jon Olav Ørsal

Kårvatn Fjellustyr ligg strategisk til for deg som har planlagt tur til Tydalsnebba. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 8. januar 2022, 15:23