Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Retteleg troféjakt for Odd Arne på tampen av sesongen

Jon Olav Ørsal Torsdag 30. desember 2021

Laurdag 11. desember vart ein merkedag for Odd Arne Vikavoll, som var på hjortejakt i terrenget opp mot Åsbøsnyta – eller snipen som er det lokale namnet på området.  Odd Arne hadde baska seg opp lia i djupsnøen for å plasserte seg på post – heilt oppunder hamrane. Der måtte han vente heilt til jagarane kom – og dei hadde med seg ein velvaksen luring.

5 takker i krona på høgre side av geviret. Foto Privat

Straks han fekk sjå kronhjorten såg Odd Arne at dette var eit spesielt eksemplam med litt av eit gevir.  Jaktlaget stod til rest med kronhjort på kvoten, og dermed var det berre å sikte seg inn på luringen, som prrøvde å snike seg unna jegrane.  Den kom berre 60-70 meter før jagarane og heilt oppunder hamrane, der han prøvde å rømme unna.  Men Odd Arne er ein rutinert og treffsikker jeger, og dermed var måtte hjorten over ende.  Og staseleg gevir var det til gangs, for totalt var det 15 takkar på geviret – og den 16. var broten av.

15-takkeren har nok levd eit hardt liv i haust, og da den kom på vekta var det berre 97 kg att på den store korpusen.  – Det har nok vore slåsting og paring heile hausten, trur Odd Arne som seier at kronhjorten kanskje har mista så mykje som 30% av vekta si i løpet av hausten.  Kanskje var den rundt 130 kg da den «stod på sitt høgste» tidlegare i haust.  Den var så utmagra at slaktet såg ut som ein engelsksetter, seier Odd Arne til Todalen.no. 

No skal geviret monterast på plate, og så skal det stillast ut på Todalshytta, fortel Vikavoll som hadde sitt livs oppleving som hjortejeger saman med jaktkameratane som altså har leid hjortejakt i området rundt Åsbøsnyta.  

Jeger og bytte – geviret kan du etter kvart ta i nærare øugesyn, når Todalshytta opnar for ny sesong. Foto privat

Publisert: 30. desember 2021, 13:26