Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Eit nytt og betre år i vente?

Jon Olav Ørsal Fredag 31. desember 2021

Tida er komen for å seie godt nyttår til kvarande. Her på portalen er det 13. gongen vi helsar godt nyttår til lesarane våre , og det gjer vi med friskt mot denne gongen og. Vi har tru på framtida, sjølv om lesartala har ei liten tilbakegang i år, for det har sin heilt klare årsak.  Pandemiden som har påvirka livet til oss alle, har snart halde det i gong i to år, og det ser ikkje ut som vi er ferdige med det aller første. 

Pandemiden har nok påvirka oss alle, og for oss i redaksjonen har det sjølvsagt påvirka tilgongen på stoff som vi kan skrive om.  I denne perioden har vi da promotert mange arrangement, men vi har og promotert mesta like mange avlysingar.  Og så har vi utført eit viktig informasjonsarbeid om pandemien og om andre viktige ting.  Dette blir det nok ingen store lesarskarer av, men dei faste lesarene har vore med oss heile tida, og det er vi veldig glade for.  Det siste året har vi hatt i overkant av 450.000 lesarar og knapt ein million sidevisninger — og det har vi god grunn til å være nøgde med. Dei aller fleste er sjølvsagt norske, men vi har og mange lesarar frå USA, Sverige, China og frå andre land som utgjer 1/10 av lesarmassen. Det er mange todalsvener både i Noreg og i andre land. 

Når vi no går inn i det nye og ubruka året 2022, så håper vi at det blir eit år med liv og røre, og full aktivitet igjen.
Vi ønskjer difor eit godt nytt år til alle!

Helsing oss i redaksjonen.
Bjørn Gunnar, Jon Olav, Dordi Jorunn og Mari.

Publisert: 31. desember 2021, 14:00