Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7115 artiklar i dette arkivet.


Ny bok om Lort Phillips og historia om engelsktida

Jon Olav Ørsal Tysdag 14. desember 2021

Tommy Fossum har denne uken premiere for si nye bok «Lakselorden og hans ladyer.  Tommy er levende interessert i historia rundt engesktida med de engelske laksefiskerne som inntok Nordmøre og lakselvene  her.  Det er vel ingen som kan meir om dette temaet og om Ethelbert Lort Phillips og folket rundt han – og som utvikla og skapte ein turisme ut av laksefisket på Nordmøre rundt forrige århundreskifte.  Tommy Fossum har gått grundig til verks for å finne fram den gamle historia – både har på Nordmøre og i England.  Les hva Tommy skriver om arbeidet med boken. 


Iskunst som naturen sjølv har laga

Jon Olav Ørsal Måndag 13. desember 2021

Frå Odd Arild Sande har vi fått ein serie bilde som han har fanga inn på tur innover stranda til Todalen ein av dagane.  Odd Arild er imponert over kor mykje is som naturen har laga den siste tida da det var kaldt – faktisk ikkje langt unna 20-talet med kuldegrader eit par dagar.


Fjord1 melder: Nattarbeid på Kvanne kai natt til tirsdag

Jon Olav Ørsal Måndag 13. desember 2021

Rute 46 Kvanne – Rykkjem:  Siste avgang 23:35 fra Rykkjem mandag 13. desember og første avgang fra Kvanne 05:15 tirsdag 14. desember vil bli innstilt på grunn av kaiarbeid på Kvanne natt til tirsdag.  Ellers går ferja i ordinær rute.  


Straumen attende i 23-tida søndag kveld

Jon Olav Ørsal Sundag 12. desember 2021

Svorka har hatt eit straumutfall i retning Todalen frå kl 18.33 i søndag kveld. Det vart straks sett i gang søk etter feilen, og temmeleg nøyaktig kl 23 var strumforsyninga som normal igjen etter ca 4,5 timar.  Svorka hadde problem med å finne feilen på linja, men vi reknar med at det var trefall etter som feilen kom med mildvêret. 


Sesongpremiere i Sæterlia

Jon Olav Ørsal Sundag 12. desember 2021

Endeleg kom dagen som så mange har venta på!  Medan kuldegradane og snøkanonane har laga ein skikkeleg såle i alpinbakken er det nok mange som har venta med lengsel etter å få ski på beina og kome seg ut i bakkan. I dag opna Surnadal Alpinsenter for sesongen.  


Klart for julebordsveke på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Laurdag 11. desember 2021

Det lukta godt av julemat da vi stakk innom Todalshytta i ettermiddag.  Stian Evensen som er julebordskokk på hytta var i full gang med mat til kveldens julebord på Todalshytta.  Det vil seie at kveldens gjestar vert servert ribbe med tilbhør –  eller rettare sagt ein juletallerken, med jule pølse, medisterkake, og heimelaga surkål og rødkål og heimelaga ribbesaus.  Høres det ikkje godt ut da?



Vegsikring innover frå Nordvik

Jon Olav Ørsal Fredag 10. desember 2021

Mesta fortsett arbeidet som Mikkelsen Maskin starta på Nordvik.  No foregår sikringsarbeidet frå Øygarden og i retning Todalen.  Etter asfgaltarbeidet for to-tre år sia er det høge asfaltkantar, der det har vore ei rekkje utforkjøringar. No blir dette retta på….


Nytt årsskrift: Stangvik historielag er klare for sal

Jon Olav Ørsal Tysdag 7. desember 2021

Den som har venta på detnye årsskriftet frå Stangvik historielag, har ikkje venta forgjeves. I dag dumpa det i postkassen her i redaksjonen, og vi er imponert over både breidde i stoffet og mykje interessant lesnad i det 72-siders heftet – både gamalt og nytt stoff har kome med.


Lysmesse med 2 barnedåpar

Jon Olav Ørsal Sundag 5. desember 2021

I dag var det bra deltaking på gudstenesta i kyrkja.  Det hadde nok ein klar samanheng med aktivitetane i kyrkje denne dagen.  Det er slett ikkje kvar dag at det er 2 barnedåpar i kyrkja i Todalen, men i dag så vart både Kaja Børmark og Eline Ansnes båret til dåpen i Todalen kyrkje.


Brusetmarka – førte tradisjonen med julegran vidare

Jon Olav Ørsal Onsdag 1. desember 2021

Onsdag kveld var det tradisjonell julegrantenning i Trudvangkrysset, og det samla meire eller mindre heile grenda til ei triveleg stund – for å markere at det snart er jul i grenda.  Det er ikkje mykje overdrive når ein sier at folk i Brusetmarka gikk mann av huse for å være med.


Sjøis heilt til Mulneset

Jon Olav Ørsal Måndag 29. november 2021

Kulda kom brått på, og vi har opplevd temperaturar opp i 15-16 kuldegrader på Kvennset dei siste dagane.  Når det kjem såpass sterk kulde etter at vi har hatt ein lengre nedbørsperiode vil det ofte bli sjøis som eit resultat.  Det har vi opplevd dei siste dagane, og sjøisen ligg heilt utover mot Kvannefjorden – eller rettare sagt jamnt med Mulneset.