Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Avslutta karrieren med 8.-plass i Paralympics i Beijing

Jon Olav Ørsal Fredag 11. mars 2022

Nils Erik Ulset signerte historieboka med ein flott 8.-plass i dagens 12,5 km skiskyting.  Dagens skyting enda med 2 bom – i første og tredje skyting – medan det vart fullt hus i 2. og 4. skyting.  Dermed sette Nils Erik punktum for ein lang og innhaldsrik karriere.

Her går Nils Erik i mål på 12,5 km skiskyting i Beijing – hans siste internasjonale målgang. (foto: Skjermdump)

Først i mål på dagens konkurranse kom franskmannen Benjamin Daviet, medan MarkArendz frå Canada kom på andreplass og Grygorii Vovchynskyi frå Ukraina kom på tredje. 

Sia Nils Erik debuterte i Paralympics i Salt Lake City i 2002 har han henta heim tilsaman 30 medaljer frå Paralympics og para-VM – det står det jammen respekt av.  Det vart bronse sist, for 4 år sia og gull for 12 år sia. 

Resultatlista frå 12,5 km skiskyting under Paralympics i Beijing 2022. (Skjermdump)

Her går Nils-Erik over målstreken for siste gong. (skjermdump)

 

Først publisert: 11. mars 2022, 07:32 - Sist oppdatert: 13. april 2022, 07:56