Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Svein M med Id4

Ny teknologi er kjempegøytt

Jon Olav Ørsal Laurdag 12. mars 2022

 

Og det er just ikkje ein fallen mann, som pensjonerer seg på grunn av ny teknologi som tek overhand – da er det heller tvert imot for Svein.  Ny teknologi er kjempegøytt, seier han.  Og for å understreke det, har han kjøpt seg ein splitter ny VW Id4 GTX som han gler seg til å ha tid til å bruke. Den er fullspekka av ny teknologi. Er forresten spent på utviklinga når det gjelder el-bilar og utviklinga på batterifronten. Dersom det blir betre og billigare batteri, så vil det ha veldig stor betydning for utviklinga vidare – kanskje vi får sjå heilt anna bruksområde for batteri og solceller som enno er for dyre?

Det er nok mange som kjenner Svein frå plassen sin i kundemottaket hos Sveen Auto. Som verksmeister hadde han ei sentral rolle i verkstaddrifta. Foto Jon Olav Ørsal

Pensjonisttilværet er ikkje noko som kjem stoms på for Svein – han har planlagt den, og har mykje aktivitetar som det ikkje vart tid til før – som han no skal bruke meir tid på.  Han likar å lage mat og kose seg med den, og så har eg eit gamalt hus som treng mykje vedlikehald – og snekkering er ein av favorittane.  Ein og anna dagen har det vore bruk for meg hos Sveen Auto også, og det set eg pris på.  Men da er eg ikkje verksmeister, men det blir småjobbar, slik som henting og levering av bilar, og vaktmeistertenester.  – Og så har familien hund, da  – og vi likar kvarandres selskap.  Det blir fast opplegg med to trimturar kvar dag, noko vi trivs godt med.

På spørsmål om kva som har hatt størst betydning for Svein i løpet av den yrkesaktive perioden, så svarer han kjapt at det må være da det vart teke avgjerd om å bygge ut butikken etter VWs spesifikasjonar – og dermed full satsing vidare.  Det vart oppgradering av både verkstad og butikk, som var klare til å takast i bruk i mars 2014.  Det hadde enorm betydning for drifta vidare. Svein røpa også at han i nokre år var tilsett i Mørelinjen, og  køyrte da skulebussen til Todalen – i tillegg til verkstadarbeidet.  Det var nok naturleg for Svein å fortsette med verkstadarbeid, sia han var utdanna bilmekanikar og hadde fagbrev der. Der låg nok den store interessa og.

Det har vore ei god tid hos Sveen Auto – vi vart tekne med på råd og vi vart høyrt. Svein er nysgjerrig på all den nye teknologien som ligg i tida no. Foto Jon Olav Ørsal

Svein skryter av arbeidsplassen som har betydd så mykje.  Her har vi alltid vore tekne med på råd, og vi har vorte høyrt.  – Hos Sveen Auto vart det 36 år før han ga seg på tampen av gammelåret.  Da var det 12-13 årsverk som var knytt til verkstaden.  Ein stab med fagfolk som mellom anna har sin bakgrunn frå VW-skulen på Skedsmo, der dei får grundig opplæring bl.a. i VWs data- og diagnosesystem. Og det er klart at det trengs system og logistikk når eit 20-tal bilar er innom verkstaden kvar dag.

I gamle dagar leita vi fram deler frå mikrofilmar og infopermar og ringte og bestilte deler som vi trong.  – No for tida legg vi inn arbeidsordren for kvar bil, og så kjem delane som skal brukast til lageret 3 dagar før – automatisk. 

Kjøpte seg ny og moderne el-bil til pensjonisttilværet – VW Id4 GTX – med 4WD og to el-motorar på tilsaman 300 hk – så pensjonisten blir nok ikkje nokon sinke i trafikken! Foto Jon Olav Ørsal

Først publisert: 12. mars 2022, 05:00 - Sist oppdatert: 11. mars 2022, 18:24