Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 2741 artiklar i dette arkivet.


Korleis ser arbeidsplassen din ut?

Elinor Bolme Torsdag 19. mars 2020

I dag hadde vi lyst til å gi ei ekstra heimelekse til alle elevane som må tilbringe skuledagane heime i lag med søsken, mor eller far. Vi har derfor fått Marit Lediard til å legge inn dette som ein av oppgavene for dagen for elevane i 5. til 7. klasse i Todalen.  Vi ønsker nemleg å få tilsendt eit bilde frå der elevane no sitt og arbeider, slik at vi kan laga ei sak på det her hos oss. 


Ingen smitta så langt i Surnadal kommune

Elinor Bolme Tysdag 17. mars 2020

I dag fekk eit «samla» pressekorps møte Surnadal kommuen sin nytilsette kommuneoverlege. Bjørn Buan starta i 50% stillinga på måndag, men har bistått administrasjonen litt i kulissene før den formelle arbeidsavtala kom i havn. -Han kjem fra samhandlingsenheita i Orkdalsregionen, og vi er veldig glad for at vi no har fått på plass ein så kompetent person i denne stillinga. Ei stilling som vi har mangla lenge, og som vi no fekk beskjed  frå Fylkesmannen om å få på plass snarast, fortel ordførar Margrete Svinvik.


Endra åpningstider hos ALTI Surnadal

Elinor Bolme Tysdag 17. mars 2020

Fra og med i går 16.mars vart det i ALTI Surnadal nye midlertidige åpningstider i kjøpesenteret. No er senteret åpent mellom 10-16 mandag-fredag og mellom 10-15 på laurdagar, med nokre få avvik hos somme av butikkane. 


Ikkje utsett til påske det du kan handle i dag

Elinor Bolme Måndag 16. mars 2020

Det er oppfordringa til Gudmund Kårvatn ved Kårvatn Fjellutstyr AS no gir til dei som vurderer å handle seg nytt skiutstyr til påske. -Vi er no førebudd på enda sterkare restriksjonar for å redusere smittefaren i forbindelse med COVID-19, og ser ikkje bort i fra at også fleire innan detaljhandelen må stenge butikkane over ein periode for å få has på dette viruset.


Cafe Dan stenger dørene midlertidig

Elinor Bolme Måndag 16. mars 2020

Fra å med i morgon held Cafe Dan stengt, fortel dagleg Ingrid Pedersen til Todalen.no. -Vi vel å stenge før vi får pålegg om det da det er minimalt med folk ute no og ser ikkje vits å halde ope framover.


Vedtak frå kommuneoverlegen i Surnadal kommune 16.03.2020

Elinor Bolme Måndag 16. mars 2020

Den nytilsette kommuneoverlegen Bjørn Buan i Surnadal kommune har i dag fatta sitt første vedtak som naturleg nok dreier seg om koronaviruset. På heimesida til Surnadal kommunen er dette vedtaket no i kveldinga lagt ut ny og gir oss oppdatert info om blant anna innreiserestriksjonar frå fylka Oslo, Agder, Rogaland, Viken, Vestfold og Telemark, Innlandet og Vestlandet. 


Usett songmøte

Elinor Bolme Måndag 16. mars 2020

Det tillyste song-/revymøtet med Henning Sommerro, Styrkår Brørs, Eivind Holte og Holger Skei på Surnadal kulturhus, onsdag 18.03.20, er avlyst.


Ta hensyn framover

Elinor Bolme Laurdag 14. mars 2020

Det er oppfordringa frå dei som har behov for vegen i det dagleg frå Brusetbrua og innover Ramsøydalane. Svenn Rune Kjølstad som bur ved Heggøya fortel at vegen i forrige veke var i elendig stand. -Har du ikke behov for å ta deg ein biltur så let vere, er dermed oppfordringa.


Lokalprodusert kjøttdeig på Matkroken

Elinor Bolme Laurdag 14. mars 2020

I går gjekk dei tom for fersk kjøttdeig i på Matkroken. Da tok Cathrine Kårvatn kontakt og tilbydde leveranse av anguskjøttdeig i frossen tilstand. I dag kom ho nedover med første leveranse slik at todalingane bergar helgas middag. 


God stemning, tross alt

Elinor Bolme Fredag 13. mars 2020

Stemninga blant bygdefolket var i dag upåklageleg til tross for nye og strenge rutiner hos dei aller fleste. På Matkroken hadde handelen roa seg betraktelig fra i går kunne Jorid Ansnes fortelje. Likevel blir det travle dagar med ulike restriksjonar som kjem fra butikkleiinga i Coop.


Avlysningar, stengt skule og tendens til hamstring

Elinor Bolme Torsdag 12. mars 2020

Torsdag 12. mars vart nok ein merkedag i det norske samfunnet med restriksjoner, smittevern og felles dugnad mot koronaviruset. Slik det ser ut per i dag vil nok dei fleste av oss bli berørt på ein eller annan måte dei neste kommande 14 dagar. Alle årsmøter i den kommande perioden ser no ut til å være avlyste. Det same er alle idrettsarrangement, fellesturar og anna aktivitet som har vore planlagt i alle dei ulike lag og organisasjonane rundt om.


Kveldens årsmøte utsett

Elinor Bolme Torsdag 12. mars 2020

Kveldens årsmøte i Todalen grendalag er utsett på ubestemt tid melder leiar Bjørn Gunnar Ansnes.