Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ikkje utsett til påske det du kan handle i dag

Elinor Bolme Måndag 16. mars 2020

Det er oppfordringa til Gudmund Kårvatn ved Kårvatn Fjellutstyr AS no gir til dei som vurderer å handle seg nytt skiutstyr til påske. -Vi er no førebudd på enda sterkare restriksjonar for å redusere smittefaren i forbindelse med COVID-19, og ser ikkje bort i fra at også fleire innan detaljhandelen må stenge butikkane over ein periode for å få has på dette viruset.

Trass ein utruleg dårleg snøvinter kan Gudmund melde om eit bra skisalg likevel. -Berre sist helg hadde vi store mengder besøkande, der fleire kom langvegs fra for å handle. I tillegg var det også utruleg stor utfart på ski i området fortel han.

-Før jul fekk vi endeleg lansert den nye nettbutikken vår og her ligg heile sortimentet, så vi kan naturleg vis serve kundane fordi om vi måtte komme til å stenge, fortel han. -Men for å få perfekt tilpassa utstyr bør nok den som skal bruke utstyret møte opp personleg for å tilpasse både sko og ski, fortel han.

For å sjå utvalget kan ein tur innom www.fjellutstyr.no anbefalast. Med innkjøp gjort i «gode euro-tider» så kan vi også gje gode tilbud no framover. Brukar du koden VINTER2020 lovar han opptil 50% på eigne importvarer.

Posten som er leverandør av blant anna pakkeforsendelsar forsikrar at dei fortsatt oppretthold sine levaransar.

Info på Posten si eiga heimeside

 

 

Publisert: 16. mars 2020, 23:05