Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ingen smitta så langt i Surnadal kommune

Elinor Bolme Tysdag 17. mars 2020

I dag fekk eit «samla» pressekorps møte Surnadal kommuen sin nytilsette kommuneoverlege. Bjørn Buan starta i 50% stillinga på måndag, men har bistått administrasjonen litt i kulissene før den formelle arbeidsavtala kom i havn. -Han kjem fra samhandlingsenheita i Orkdalsregionen, og vi er veldig glad for at vi no har fått på plass ein så kompetent person i denne stillinga. Ei stilling som vi har mangla lenge, og som vi no fekk beskjed  frå Fylkesmannen om å få på plass snarast, fortel ordførar Margrete Svinvik.

Ingen smitta så langt

Ordføraren kunne fortelje at Surnadal kommune så langt har null registerert smittetilfeler av koronaviruset. -Vi jobbar no kontinuerleg for å stoppe og begrense smitten innad i kommunen. Derfor er vi avhengig av at alle innbyggjarane våre følgjer dei pålegg som til dags dato har komme frå sentrale myndigheiter. Det gleder meg at folk no bryr seg om kvarandre og situasjonen vi er hamna i, men eg ser nok for meg at vi må oppretthade eit høgt trykk i ein månad framover for å klare å halde smitten i sjakk, seier ho.

Tydeleg visjon 

Bjørn Buan legg vekt på at det no er viktig med samhold og solidaritet. -Vi har enda fleire tiltak som vi kan iverksette framover, og her er det for oss viktig at tiltaka gir oss ein tilstrekkeleg effekt framover, seier han. Vår visjon er nemleg at ingen i kommunen skal dø i følge av pandemien. Nokon vil kanskje ikkje vere enig i dei ulike tiltaka, men det viktigste for oss i denne perioden er å kunne følgje opp våre sårbare grupper. -Og med 14 dagars karantene for alle studentar som no er heimkomne, vil vi kunne ha ein del arbeidskraft tilgjenegleg om vi har behov for det framover, når karantenetida deira er oppheva, skyt Margrete Svinvik inn. 

Hjelpetelefon

For å avlaste og ikkje minst sortere alle henvendelsane som dagleg kjem inn til kommune og legesenter vil det derfor bli oppretta ein eigen lokal kontakttelefon som gjeld situsajonen i Surnadal kommune. Her vil innringarane få svar på det dei lurer på, eller bli oversett til riktig innstans.  Beredskapsgruppa i kommunen har daglege møter, og her vil informasjonsflyten bli enda betre framover. -Vi kjem til å bruke SMS til innbyggjarane meir aktivt for å nå ut enda breiare med viktig informasjon, avsluttar ordførar Svinvik.

Lurar du derfor på noko som gjeld korovavirus og Surnadal kommune ring den nyoppretta telefonen: 913 79 001.

Sjå ellers Surnadal kommune si heimeside som er oppdatert til ei kvar tid med relevant koronastoff: Informasjon om koronavirus i Surnadal kommune

 

Publisert: 17. mars 2020, 13:07