Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Avlysningar, stengt skule og tendens til hamstring

Elinor Bolme Torsdag 12. mars 2020

Torsdag 12. mars vart nok ein merkedag i det norske samfunnet med restriksjoner, smittevern og felles dugnad mot koronaviruset. Slik det ser ut per i dag vil nok dei fleste av oss bli berørt på ein eller annan måte dei neste kommande 14 dagar. Alle årsmøter i den kommande perioden ser no ut til å være avlyste. Det same er alle idrettsarrangement, fellesturar og anna aktivitet som har vore planlagt i alle dei ulike lag og organisasjonane rundt om.

Alle landets skular og barnehagar stengt

Både skulen og barnehagen i bygda er stengt slik som resten av landet fra og med i dag kl 18 og minimum i to veker framover. Her er beskjeden til foreldra at ingen får sende ungar på skule og barnehage i Surnadal kommune utan at dei har fått beskjed om det. Her er det berre personell med samfunnskritiske oppgåver innan ulike tenester, bedrifter og institusjonar som kan få tilbud om barnepass.

Sjukeheimen oppgraderer beredskapen 

Surnadal sjukeheim melder også om forsterka restriksjonar rundt besøk på sjukeheimen, med blant anna besøksprotokoll frå 13.3, der navnet ditt, dato, og rom-nr til den du besøker, blir registrert. Pårørande må gjere avtale om besøk med personalet FØR dei kjem. Det vil bli gjort ei vurdering av behov for bruk av beskyttelsesutstyr for dei besøkande. Pårørende bes begrense seg i antall som kjem på besøk, samt begrense kor ofte de kjem. Besøkande får kun opphalde seg på rommet til bebuaren, og ikkje i fellesareal som f.eks Kafé Heimen.

Lokalt næringsliv

Talgø hadde allerede før dagens pressekonferanse frå Statsministerens kontor stramma inn med reduksjon av reiseverksemd for sine tilsette. Og dette forsett både dei og resten av næringslivet i kommunen med no framover. Enn så lenge går produksjonen som vanleg både i Todalen og hos MøreTre sitt anlegg i Surnadal, medan kontortilsette i stor grad blir oppfordra til å jobbe heimefra om muleg.

Alle kulturarrangementa på Surnadal kulturhus, medrekna kino, går også ut frå dette tidspunktet. Dette gjeld også Biblioteket (inklusive «meirope») som blir heilt stengt, fortel Steinar Hasselø. Han fortelt derimot at ein kan låne e-bøker gjennom appen eBokBib. -Biblioteket vil heller ikkje sende ut purringar på bøker i tida biblioteket er stengt, og vi ser helst at lånarane heller ikkje leverer inn bøker i denne perioden. 

Større enn julehandelen

På Matkroken hadde dei i dag tredobla omsetninga si, kan Jorid Ansnes fortelje.  -Vi har seld uante mengder toalettpapir og mjøl, og handlande fra Surnadal har vore innom å «sikra seg» bleier. – Vi ser absolutt tendensen til hamstringa, men vi har varer til alle. Coop har lova at vi ikke skal gå tom, så folk treng så absolutt ikke å få panikk, seier ho i kveldinga.

-Om alle handler det dei treng har vi nok til alle, beroliger Jorid på Matkroken. Arkivfoto

Les meir om kva Surnadal kommune gjer fortløpande i kampen mot viruset på deira eigne heimesider: Surnadal kommune heimeside

 

 

 

Publisert: 12. mars 2020, 19:21