Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

God stemning, tross alt

Elinor Bolme Fredag 13. mars 2020

Stemninga blant bygdefolket var i dag upåklageleg til tross for nye og strenge rutiner hos dei aller fleste. På Matkroken hadde handelen roa seg betraktelig fra i går kunne Jorid Ansnes fortelje. Likevel blir det travle dagar med ulike restriksjonar som kjem fra butikkleiinga i Coop. Blant anna skal alle handtaka på både handlevogner og butikkdører no vaskast til faste klokkeslett, kan ho fortelje.

Marit Tørset og resten av gjengen følgjer instruksen fra Coop fleire gongar i løpet av dagen.

Alle kundane som er innom når Todalen.no er der fortel at dei ikke er bekymra for viruset. -Nei dette kjem til å gå bra, trur Magne Søyset, som heller bekymrer seg for korleis han skal få aktiver medlemstilbud sine i Coop-appen. Men med god hjelp av Jorid så er heller ikke dette å ta på veg for.

Johan Ørsala og Lars Austigarda var heller ikke skeptiske til å ta ein tur på bua. Eller var dei utkommandert?

Matkroken har ellers stengt kaffekroken, og det blir kanskje eit lite sakn for dei som frekventerer her dagleg. 

Tomme stolar framover for å bidra til at smitten ikke skal bre om seg.

Ved Todalen skule var det fra klokka 13 opna opp for at elevane kunne komme å hente skulebøkene sine. Skulen og Surnadal kommune har gode informasjonsrutiner som enkelt held foreldra oppdatert om situasjonen gjennom ein app på telefonene. 

Rektor Britt Mossing har sendt heim både elevar og tilsette på skulen. 

Britt Mossing fortel at alle lærarane no arbeider heimefrå, og gir lekser og er tilgjengelege for elevane gjennom læringsplattforma Teams. 

Jens Sancho, Bjørn Gunnar Ansnes og Anton Brusethaug tok turen for å hente skolebøker og anna utstyr slik at undervisninga kan gå sin gong heimefrå.

I første omgang er det sett stopp på 14 dagar ved Oppvekstsenteret, men det er nok kanskje fleire og fleire som ikke reknar med at elevane får på skulen før tidligst etter påske.

Publisert: 13. mars 2020, 17:56