Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 2741 artiklar i dette arkivet.


Hytte til salgs på Kårvatn

Elinor Bolme Laurdag 24. oktober 2015

Har du ein hyttedraum i vakre Trollheimen? Da kan det snarast bli ei rå. Karin Helen Halle legg no ut hytta på Kårvatn til salgs. Hytta er bygd i 1966 med innlagt vatn og straum. Hytta har 2 soverom og hems med totalt 12 sengeplasser. Ellers er det bad, tørrklosset, kjøkken, stue og ei bod. Prisen […]


Årets førsteklassingar i Todalen på Porten

Elinor Bolme Fredag 23. oktober 2015

Også i år har Trollheimsporten tatt turen rundt på skulane i kommunen for å besøke 1. klassingane. Sist ut var todalsgjengen som hadde bydd på seg sjølv til journalisten i dag. Både under leik og på faglege områder. Les heile saka på Trollheimsporten: Småtrollene i Todalen


Kløverstukveld – korn

Elinor Bolme Fredag 23. oktober 2015

Måndag den 26. oktober kl 20.00 arrangeres det kløverstukveld med tema korn på Kløverstua. Arrangør denne kvelden er Surnadal bondelag saman med Norgesfor Røv Mølle AS Program: – Oppsummering av kornmottak 2015. Såkorn for sesongen 2016, Røv Mølle – «Avlingskampen 2015»: Lars Magne Mauset frå Stange kjem og fortel om sine erfaringar frå deltaking i «Avlingskampen», […]


Full rulle i gymsalen igjen

Elinor Bolme Onsdag 21. oktober 2015

No er det definitivt klart for oppstart av barneleik og gubbetrim igjen melder Knut Bergli. Han fortel at dei yngste har fått tid i gymsalen på skulen måndagar framover. Dette er for dei opp tl 4. klasse. Dei som er hakket eldre har fått tid på søndags kveldane. Altså dei frå 5. klasse og oppover. Her blir det ulike aktivitetar etter kva ungane sjølv ønsker.


Storveis oppmøte for Nepal

Elinor Bolme Onsdag 21. oktober 2015

Todalen Oppvekstsenter inviterte i ettermiddag til avslutningsfest på temaet Nepal. Elevane har den siste tida lært om korleis dei kan hjelpe andre born., og viste stolt fram dette i dag både frå scena og i form av plakatar og heimelaga salgsutstilling i gymsalen. I tillegg hadde dei lynlotteri og ordinær basar med mange fine gevinstar, både laga […]


Tid for HÆSTlatter igjen

Elinor Bolme Tysdag 20. oktober 2015

KreativtForum arrangerer HÆSTlatter fredag 30. og Lørdag 31. oktober. Dette blir ein heilaften med god mat fra Hammerstuene og knaillartige revynummer fra 7 lokale revyaktører i Surnadal og Rindal fortel Tove Merete Schei.I tillegg kjem gjesteartisten Johan Øiestad, ein knaillgod imitator, kjent fra TV og Norske Talenter! Etter at revyen er over spelar den kjente Karstein […]


Takker velgerne

Elinor Bolme Måndag 19. oktober 2015

Surnadal Arbeiderparti ønsker å takke alle som har stemt på seg ved årets kommunevalg.

Innsatsen fra velgerne har bidratt til at partiet gjorde tidenes nest beste valg noensinne i Surnadal.


#6620 Ålvundeid mobiliserer for ei levande bygd

Elinor Bolme Fredag 16. oktober 2015

Måndag kveld var todalen.no bortbedt på inspirasjonsmøte på Ålvundeidet. Ålvundeid grendalag har den siste tida gjenoppstått frå ein lengre dvale etter at dei plutseleg vart ståande utan skule i bygda som dei sjølv forklarte. Etter fleire klagar til Sunndal kommune om ulike kommunale vedtak i skulesaka måtte dei til slutt gje tapt. Men berre på skulefronten, for bygda skal no etter plana slettest ikkje bli noko daupunkt mellom fjella fortel styret i grendalaget engasjert. Og det var derfor dei ønska ein gjennomgang av korleis vi i Todalen har ein såpass vellukka nettportal for å sjå om dei kan ta blåkopi.


Dametrimmen treng leiar

Elinor Bolme Torsdag 15. oktober 2015

Etter mange år som instruktør for dametrimmen i Todalen ser Turid Hals Sæter seg ikkje rå for å fortsette. Dette betyr at om tilbudet fortsatt skal vedvare, så må ny instruktør/leiar på plass.


52/17 søndagsturen til Langvatnet

Elinor Bolme Torsdag 15. oktober 2015

Kommande søndag kl 12 går Søndagsturen 52/17 til Langvatnet i Helgetunmarka i Rindal. Oppmøte ved parkeringsplassen ved Skavlia i Romundstadbygda. Frå Rindal sentrum tek du av til Romundstadbygda (Fylkesveg 341) ved krysset ved T-komponent, og fortsett ca 15 km oppover Romundstadbygda. Avkjøring til Skavlia er skiltet Helgetunmarka. Kjør ca 2 km til parkeringsplass. Felles kjøring til Langvassvegen […]


På tide å ta fram refleksen!

Elinor Bolme Torsdag 15. oktober 2015

Nesten kvar dag er ein eller annan «spesialdag». I dag, 15. oktober er det den nasjonale refleksdagen. Da kan det være greit med ei påminning om at det no blir fort mørkt ute og at det kan være lurt å ha ein refleks på lur om du skal ut etter vegen i skyminga som fort går over i stupmørkre.


3 gratisbillettar til «Konglesugaren»

Elinor Bolme Onsdag 14. oktober 2015

Barneteatret Vårt kjem til Surnadal med sitt nye, sprelske teaterstykke «Konglesugaren» 29. oktober. Då skal Reven og Grisen ut på nye eventyr i Surnadal kulturhus! Reven og Grisen er kjent for mange frå Barneteatret Vårt si forestilling Prikkesyken som var ein stor suksess. Med Konglesugeren inviterer Teatret Vårt til eit hyggeleg gjensyn på Surnadal kulturhus i ei varm og humoristisk forestilling til glede for liten og stor.