Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

3 gratisbillettar til «Konglesugaren»

Elinor Bolme Onsdag 14. oktober 2015

Barneteatret Vårt kjem til Surnadal med sitt nye, sprelske teaterstykke «Konglesugaren» 29. oktober.  Då skal Reven og Grisen ut på nye eventyr i Surnadal kulturhus! Reven og Grisen er kjent for mange frå Barneteatret Vårt si forestilling Prikkesyken som var ein stor suksessMed Konglesugeren inviterer Teatret Vårt til eit hyggeleg gjensyn på Surnadal kulturhus i ei varm og humoristisk forestilling til glede for liten og stor.

konglesugeren1

Denne gongen startar historia med at Reven skal gjere reint i hiet sitt. Det er forferdelig skittent og fullt av kongler. For å få jobben gjort, bestemmer han seg for å få tak i den flunkande nye konglesugaren som fjompenissen Papp akkurat har anskaffa seg. Han får overtala sin beste venn Grisen til å hjelpe seg, og saman klarar dei til slutt å få tak i den fantastiske vidundermaskina. Men heilt lett er det ikkje. Det må både list, mørke solbriller og eit forfalska sugekort til før dei endeleg kan få med seg konglesugaren hjem. Og kanskje kan den brukast til noke mykje artigare enn å suge kongler…….

Surnadal kulturhus gir i anledninga bort tre gratisbillettar til lesarane av todalen.no til denne forestillinga. Alt de treng å gjere er å sende red@todalen.no ein epost om at de vil vere med i trekninga. Ein billett per familie. Frist for å sende inn epost er sett til den 20. oktober og blir det retteleg stor etterspørsel kan vi kanskje ordne med trøstepremiar…

Publisert: 14. oktober 2015, 20:11