Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

På tide å ta fram refleksen!

Elinor Bolme Torsdag 15. oktober 2015

Nesten kvar dag er ein eller annan «spesialdag». I dag, 15. oktober er det den nasjonale refleksdagen. Da kan det være greit med ei påminning om at det no blir fort mørkt ute og at det kan være lurt å ha ein refleks på lur om du skal ut etter vegen i skyminga, som fort går over i stupmørkre. I år er 10. året at Trygg Trafikk og Statens Vegvesen arrangerer denne dagen i lag med kunstnarar som lagar spesialrefleksar til bruk i kampanjen.

Les meir om den nasjonale refleksdagen her: Refleksdagen 2015

Fakta om refleks

  • Refleks reduserer risikoen for å bli påkjøyrt i mørket med 85 prosent.
  • Du treng refleks sjølv om det er gatebelysning. Flest fotgjengarulykker skjer i byene.
  • Refleksen bør henge i knehøgde.
  • Bilisten har 10 sekund til å reagere om du brukar refleks, går du utan har han berre to sekunder til rådigheit.
  • Refleks er forbruksvare, riper svekker refleksjonen.
Først publisert: 15. oktober 2015, 07:00 - Sist oppdatert: 14. oktober 2015, 21:31