Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dametrimmen treng leiar

Elinor Bolme Torsdag 15. oktober 2015

Etter mange år som instruktør for dametrimmen i Todalen ser Turid Hals Sæter seg ikkje rå for å fortsette. Dette betyr at om tilbudet fortsatt skal vedvare, så må ny instruktør/leiar på plass.

Dette tilbudet har eksistert i «alle dei år».  I tidlege tider, før dagens gymsal vart påbygd var instruktøren Jean Kvendset, før Ann Kristin Nerland Bruset tok over. Frå hausten 2005 delte  Turid Sæther og Olaug Kvendset på instrueringa, og Turid fortsette åleine frå 2006. Det betyr at ho no held på på 9. året saman med sin trufaste gjeng damer som alltid stiller opp. Men no må altså nokon andre ta grep om tilbudet forstatt skal komme dei trufaste trimmarane til gode.

Publisert: 15. oktober 2015, 18:58