Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Full rulle i gymsalen igjen

Elinor Bolme Onsdag 21. oktober 2015

No er det definitivt klart for oppstart av barneleik og gubbetrim igjen melder Knut Bergli. Han fortel at dei yngste har fått tid i gymsalen på skulen måndagar framover. Dette er for dei opp tl 4. klasse. Dei som er hakket eldre har fått tid på søndags kveldane. Altså dei frå 5. klasse og oppover. Her blir det ulike aktivitetar etter kva ungane sjølv ønsker.

Også gubbetrimmen tek til på søndagane etter at barnetrimmen er ferdig. Alle dei ulike tidene ligg no naturleg vis i aktivitetskalenderen fram til jul.

 

  • Barneleik opp til 4. klasse: måndagar 18–>
  • Barneleik frå 5. klasse: søndagar 18.30-20.00
  • Gubbetrim : søndagar 20.00–>
Først publisert: 21. oktober 2015, 09:21 - Sist oppdatert: 20. oktober 2015, 22:33