Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

#6620 Ålvundeid mobiliserer for ei levande bygd

Elinor Bolme Fredag 16. oktober 2015

Måndag kveld var todalen.no bortbedt på inspirasjonsmøte på Ålvundeidet. Ålvundeid grendalag har den siste tida gjenoppstått frå ein lengre dvale etter at dei plutseleg vart ståande utan skule i bygda som dei sjølv forklarte. Etter fleire klagar til Sunndal kommune om ulike kommunale vedtak i skulesaka måtte dei til slutt gje tapt. Men berre på skulefronten, for bygda skal no etter plana slettest ikkje bli noko daupunkt mellom fjella fortel styret i grendalaget engasjert. Og det var derfor dei ønska ein gjennomgang av korleis vi i Todalen har ein såpass vellukka nettportal for å sjå om dei kan ta blåkopi.

Grendalaget hadde laga ein fyldig rapport over ønska tiltak dei ser for seg skal bli gjort. Dette har resultert i midlar frå Møre og Romsdal fylkeskommune. 225 000 kroner over tre år i bygdemobiliseringsmidlar, på same lesten som Godt mot, Todalen fekk i si tid. Og øverst på lista ligg altså no ein informativ nettportal som skal synleggjere og informere bygda. Den er ikkje riktig klar enno, så den får vi presentere ved lansering.

Ellers var det fleire aktivitetar som stod for tur; opning av den nye gangvegen, motivasjons kurs sist i oktober

Les meir om den høgtidelege vegåpninga her: Folkefest på Ålvundeid

Sjå heile prosjektplana til grendelaget her: Bygdemobilisering Ålvundeid

Publisert: 16. oktober 2015, 06:00