Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 2741 artiklar i dette arkivet.


Svanefjorden – eller pøblar med polsfot, del 3

Guro Redalen Fredag 25. mars 2016

Sjølv smørefrie ski kjentes bakglatte opp lia i år. Nullføre, fantom fellesig, gaddklabb og fanden si oldemor. God påskestemning med andre ord. Irritasjonen steig i takt med stavtak og fiskebein. Bladfyk tenkjer at skamma ved å snu er lik føret, altså manglande.




Seterrennet på Nordvik skjærtorsdag

Elinor Bolme Tysdag 22. mars 2016

Tradisjon tru blir det også i år arrangert seterrenn Skjærtorsdag 24. mars på Nordviksetra. Det blir oppsatt transport, med traktor og henger fra Øygarden, med gratis avgang. Her blir det fleire avganger ved behov.


Stand på Hals

Elinor Bolme Tysdag 22. mars 2016

I morgon blir det todalen.no-stand på Matkroken. Her blir det anledning til å kjøpe seg handdukar, termosar og andre småartiklar. I tillegg blir det også salg av personlege medlemskap for dei som ønsker å støtte opp om nettsida.


Storviltjakta 2015

Elinor Bolme Tysdag 22. mars 2016

Lurar du på korleis storviltjakta gikk i 2015? No treng du ikkje det lenger. Her finn du absolutt alt du kunne tenkt å vite – og langt meir med. På Surnadal kommune si heimeside finn vi nemleg ein fyldig rapport laga av Tore Gjul i forbindelse med viltmøtet den 22. februar.


Gudsteneste og påskekonsert

Elinor Bolme Måndag 21. mars 2016

Skjærtorsdag er det både gudsteneste kl 11 og stor påskekonsert i Todalen kyrkje kl 19.30. Vi gjer oppmerksom på at tidspunktet for gudstenesta er endra siste veka. Under er ei pressemelding frå Bernt Idar Bøe som omhandlar dei tradisjonelle påskekonsertane i regi av KKKK- akademiet   Høgtid med harpe og strykekvartett er agenda for årets […]


Mini-loppis

Elinor Bolme Sundag 20. mars 2016

Todalen Sanitetsforening går no nye vegar for å få inn alternative kroner til drift av laget. Tirsdag 22. mars klokka 12 åpnar dei dørene i Sanitetshuset og selger bomkjøp for ein billeg penge. Kven har ikkje opplevd å kjøpe noko som var veldig fint, men som nesten aldri vart bruka? Dette blir det no ei rå å gjere med, om ein vil lette litt på lagerbeholdninga si..

Har du noko som kan egne seg, men du synes er for gale å kaste kan det leverast i Sanitetshuset måndag 21. mars kl 17-18.

Kva kan leverast:
•klær dame
•sko dame
•vesker
•accesories

Tenkt pris var 50 kroner per del. Og det må være både reint og heilt. Det som ikkje blir seld, blir sendt til Estland etter påske.


Påskevandring i Stangvik

Bernt I Bøe Sundag 20. mars 2016

Gudstenesta i Stangvik kyrkje palmesøndag kveld blir ei vandring gjennom påskebodskapen i tekster, songar og symbol. Stangvik Jentekor har ein viktig rolle – med song og pantomime. Langfredagsdramaet i Bibelen blir framført som veksellesing av «Jesu Sju Ord på Korset» knytt opp til salmen «Naglet til et kors på jorden». Etter pantomime-tolking av oppstoda påskedag munnar […]


Operakafé i Bondhuset

Elinor Bolme Laurdag 19. mars 2016

2016 er Stangvikfestival-år, men det er ikkje før 28.- 31. juli. Styret i festivalen tykkjer derfor det er alt for lenge til sjølve festivalen dreg i gang, så dei inviterer til operakafé på Bondehuset i Stangvik i morgon søndag 20. mars.


Påskekrimmen 2016

Elinor Bolme Laurdag 19. mars 2016

Mange har kanskje teke påskeferie allereie og gjort seg klar for årets påskeutfart. Men ingen påske utan påskekrim vil nokon påstå. Både på tv og i bokform. Som tidlegare nemnt kan vi i år óg skilte med vår eigen påskekrim her på todalen.no, etter fjorårets suksess «Kronhjort i måneskinn». Også i år er forfattar Guro Redalen, og ho har dei siste vekene fått på plass dei siste brikkane i eit nytt komplott som vi lesarane blir inviterte til å løysa etter kvart som helligdagane skrid fram.


Ny leiar i grendalaget

Elinor Bolme Fredag 18. mars 2016

Nordvik grendalag hadde mandag kveld sitt årsmøte, og der tok nestleiar Ola Magne Nordvik over som leiar etter at Ola Nordvik ikkje tok attval. Dette resulterte i ny nestleiar, og som vi ser av tilsendt oppsett vart også sekretæren ny. Vi kan derfor berre oppfordre det nye styret til å fortsette å sende oss stoff om små og store nyheiter frå Nordvik.