Langope med quiz og hagevandring i Arboretet
Dei fire onsdagane i juli er opningstida i Svinviks arboret frå klokka 11.00 til 20.00, både i hagen og kafèen, og det blir program om kvelden. Onsdag 6.juli er det quiz med tema sommar.
Vi fann 1024 artiklar i dette arkivet.
Dei fire onsdagane i juli er opningstida i Svinviks arboret frå klokka 11.00 til 20.00, både i hagen og kafèen, og det blir program om kvelden. Onsdag 6.juli er det quiz med tema sommar.
Onsdag kveld møttest ivrige turgåarar ved Hals, veret var godt, men sola heldt seg bak skyene. Vi fylte opp bilane og kjørte til Nordvik.
For tredje året på rad arrangerte Rehabiliteringsavdelinga og Dagsenteret onnadag på tunet mellom Rehab og pensjonærbustadene. Veret vart riktig bra, og det vart eit yrande folkeliv med små og store i felles aktivitet og riktig triveleg samver. Det var berre blide og glade folk i alle aldrar å sjå!
Onsdag 22. juni blir det siste trimturen i regi av trimgruppa før ferien. Turen går til Åsbøsnyta, ein fin tur og oppe på toppen er det riktig flott utsikt. Det er meldt fint og varmt ver, kanskje det blir solnedgang å sjå frå toppen. Alle er velkomne til å bli med ut på tur! Oppmøte ved Matkroken […]
Onsdag kveld gjekk trimturen til Fauskhjellen ovanfor Ørsalen. Sju ivrige turgåarar starta opp Ræta i lag med leiar i trimgruppa, Jorunn Nordvik.
I kveld, onsdag, er det ny trimtur. Denne gongen er Fauskhjellen målet for turen. Det er ein grei tur som passar for alle, seier leiar i trimgruppa Jorunn Nordvik. Oppmøte i «Ræta», ved den gamle brannstasjonen. Turen startar 18:30. Alle er velkomne til å bli med på tur!
Tysdag kveld var det duka for felles sommaravslutning for barnehagen og skulen i Todalen. Gymsalen var fullsett da leiar i FAU, Bjørn Gunnar Ansnes, ønskte velkomen. Både familie og vener av ungane ved oppvekstsenteret møtte fulltalig opp!
Onsdag kveld inviterte Driva og Surnadal kommune til Stikk UT!-tur med Storhaugen som mål. Kraftige regnbyger onsdag ettermiddag skremde nok bort ein del trimmarar, men veret vart bra for dei 25 som vart med på trimturen.
Stikk UT!-opplegget inspirerer til trimturar både i nærområdet og litt lenger unna. I Surnadal kommune er det tolv Stikk UT!-postar, og av dei er Svinvikrunden mest besøkt.
Avisa Driva i lag med Surnadal kommune arrangerer Stikk UT!-tur til Storhaugen onsdag 8. juni kl. 18.00. Det er oppmøte og parkering ved Todalshytta. Ola Bruset blir med som lokal kjentmann.
Søndag 5.juni arrangerer trimgruppa og ski- og friidrettsgruppa familietur. Det er oppmøte og parkering på Bruset og turen startar kl. 15.00.
Onsdag kveld inviterte trimgruppa til ny fellestur. Denne gongen var målet Bleikhammarholet, og det var tydelegvis eit populært turmål, heile 35 personar var med på turen!