God sesongavslutning for Søya/Todalen J10
Torsdag spela Søya/Todalen J 10 siste kampen sin for sesongen 2016. Det var Sunndal J10 som var gjestelag på Bordholmen denne fine, men litt kalde haustkvelden.
Vi fann 1024 artiklar i dette arkivet.
Torsdag spela Søya/Todalen J 10 siste kampen sin for sesongen 2016. Det var Sunndal J10 som var gjestelag på Bordholmen denne fine, men litt kalde haustkvelden.
«Det er trekt Stikk UT!-vinnar for september, og gåvekortet denne månaden går til Sissel Gravvold frå Bøverdalen. Gratulerer, Sissel! Det var ein tur til Stikk UT!-posten ved Bjorvollen som førte hell med seg denne gongen.
Arrangementet ved Bøfjorden sjøbruksmuseum søndag hadde temaet: «Roser og musikk». Der fekk publikum eit interessant møte med ei ny og spennande bok av Jacob Christian Tokle: «Dagbok 1827 -1838 med et vikingeeventyr».
Kulturavdelinga melder:
«Britt Mossing vann gåvekortet!
Stikk UT!-vinnar for august er no trekt, og gåvekortet denne månaden går til Britt Mossing frå Todalen
Onsdag kveld var det duka for nytt lokaloppgjer på Bordholmen, da mellom Søya/Todalen G 10 og Surnadal G 10 – 5.
Tysdag kveld var det duka for lokaloppgjer mellom KUST G 12 og Surnadal G 12 – 2 på Bordholmen. Det vart ein velspela og jamn kamp med stor innsats og mange gode målsjansar frå båe laga.
Startskotet for Friluftslivsveka 2016 i Surnadal kommune skjer laurdag 3. september. Da arrangerer Røsslyngen 4 H og Surnadal jeger- og fiskerforening fiskekurs for foreldre og stranddag på Mjøksanden i Bøfjorden.
Laurdag 13. august inviterte Stangvik historielag i lag med årnesgardingane til kulturvanding. Vandrarane møttest ved Grendahuset, veret var ikkje det beste, men dei tretti oppmøtte fekk ein både interessant og triveleg dag. I godt turfølgje merka ein ikkje regnet som sila ned.
Kulturkontoret melder: «Da er ny Stikk UT!-vinnar trekt, og den heldige vinnaren av gåvekort for juli månad vart Karin Sunde, Grimsmomarka. Ho har vore på fleire Stikk UT!-turar, men det var ein tur til Langvatnet som sikra henne premien. Vi gratulerer med ein velfortent sommarbonus!
Fredag ettermiddag vart eit par svarte briller funne på vegkanten ytst i Brusetmelane. Brillene vart funne der stien opp til Hjellen startar. Brillene vil bli leverte inn på Matkroken laurdag føremiddag og kan hentast der.
Onsdag kveld var det klart for sesongens første quizkveld i arboretet. Quizmester Ida Andrine Heggset hadde laga 30 spørsmål fordelt på seks kategoriar: hummar og kanari, mat og drikke, sommarsongar, blomster og andre buskvekster, sport og fritid, biletquiz frå Norge.
Kulturkontoret melder: «Det er trekt ut ein vinnar for juni månad blant Stikk UT!-deltakarane i Surnadal kommune.