Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Godt og interessant årsmøte i Stangvik historielag

Dordi Jorunn Halle Tysdag 7. mars 2017

Februar og mars er travle årsmøtemånader, og måndag 6. mars var det tid for årsmøte i Stangvik historielag. Det var godt oppmøte med ein engasjert årsmøtelyd.

Årsmeldinga viser at laget har god aktivitet. Siste året har dei mellom anna arrangert tre turar: Setervandring i Ålvundliene, tur innover Søyådalen og kulturvandring på Årnes som vart avslutta med underhaldning i den gamle skulen i bygda. Eit nytt arrangement var fotodag i Myrvang der det vart vist eldre bilete.

Leiaren i historielaget takka redaksjonsnemnda. Fremst: Marit Haugen og Torbjørn Polden. Bak frå venstre: Einar Grønnes og Lars Steinar Ansnes. Foto: Dordi J H

I redaksjonskomiteen for årsskriftet til Stangvik historielag sit Marit Haugen, Lars Steinar Ansnes, Grete Aarnes og Torbjørn Polden. Einar Grønnes, leiar i historielaget, takka dei for stor innsats og vel utført arbeid. «De gjer ein kjempejobb,» slo han fast og delte ut  velfortente gåvekort til dei fire i skriftstyret.

Økonomien i laget er god, og kasseraren kunne fortelje at salget av bøkene om Kvenndalen og Søyådalen no går med overskott.

Valet gjekk radig, stort sett attval. Styret i historielaget for 2017 er slik samansett: Leiar: Einar Grønnes, Marit Haugen – nestleiar, Rolv Lysø – kasserar, Anna Ingeborg Nordvik – sekretær, Lars Steinar Ansnes – styremedlem. Varamedlemer: Martinus Ranheim og Torbjørn Polden.

Styret i Stangvik historielag. Fremst frå venstre: Martinus Ranheim, Marit Haugen, Torbjørn Polden. Bak frå venstre: Rolv Lysø, Einar Grønnes, Lars Steinar Ansnes, Anna Ingeborg Nordvik. Foto: Dordi J H

Aktivitetsplan 2017

  • Tur innover Søyådalen til Mellingsetra
  • Kulturvandring i Stangvikbukta
  • Kveldstur på Nordvik
  • Tur i Årneslia
  • Busstur til Storlidalen i lag med Todalen historielag

Det kom forslag om å starte arbeid med å ta vare på historia for Stangvikfjellet.

Triveleg prat i kaffepausen. Frå venstre: Oddvar Kvande, Lars Gudmund Røen, Gustav Kvendbø, Erling Myrbostad. Foto: Dordi J H

Dialekt og gode historier

Etter kaffepausen fekk Tor Erik Jenstad ordet. Han er språkforskar ved NTNU i Trondheim, og opna med å ta føre seg dei lange linene innanfor språk og dialekt. Dialektene er viktige historiske kjelder. Dialektene er i stadig endring. Kasusbruken som vi har nordmørsdialektene, er frå norrøn tid, og er nok på tur ut av bruk. Han oppfordra historielag om å vere opptekne av lokal dialekt, gjere lydopptak og skrive ned ord med forklaring. Dette er viktig arbeid for ettertida.

Frå venstre: Berit Anne Røkkum, Brit Kvande Hansen, Magne Hansen, Anne Ness, Jarle Røkkum. Foto: Dordi J H

 Sledafylling og ølfell

Jenstad gjekk så over til ord og uttrykk knytta til snø: skosnø, okkelsnø, hussubandsnø,vea te skravs osb. Han kunne fortelje at i 1923 kom det ei «sledafylling» med snø ved jensukkuleitet på Fale i Sunndalen. Da vart det hopprenn på jensukkudagen! Skareføre vart det og.

Eit nytt ord for mange var «ølfell» – det er «å fange varmen» – altså tette gluggar og opningar i hus for å stenge varmen inne.

Og så var det ekteparet frå ei nordnørsbygd som var på hotellhelg på Røros, og det var kaldt på rommet. Kallen ringde resepsjonen for å klage: «Det finst ikkje øl på rommet». Det resulterte i at minibaren straks vart oppfylt!

Tor Erik Jenstad hadde mykje interessant å berette og mange gode historier. Publikum vart engasjert; dei kom med innspel, historier og stilte mange spørsmål.

Jenstad konkluderte med at dialektene er i stadig endring, og at det vil gå sin gang.

 

Publisert: 7. mars 2017, 01:03