Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen historielag med vellykka filmkveld

Dordi Jorunn Halle Onsdag 1. mars 2017

Det var fullt rundt borda i Ungdomshuset da John Moe, leiaren i Todalen historielag, ønskte vel møtt til årets filmkveld; nær 70 personar var møtte fram! Svein Åge Saksen var ansvarleg for program og film.            

Stort oppmøte på filmkvelden. Foto: Dordi J H

Først vart det gjenhør med «Kulturkveld i Todalen ungdomshus» frå 1978. Dette var eit radioprogram frå NRK Møre og Romsdal – eller Vigra lokal – og Oddvar Grytli var programansvarleg. Her fekk publikum høre mange kjende og kjære stemmer: Jon Lunde var programleiar, og han las eigne dikt og song, revyinnslag med Jon Husby – altså han «Jostu», Narve Talgø deklamerte dikt av Leif Halse, Randi Kalseth las prolog. Det var song og musikk med søskena Randi og Øystein Moe, Erik Halle Kårvatn spela trekkspel, Todalen songlag framførte Todalssongen. Olav Moe, som var styrar for Samvirkelaget ein mannsalder, las vers, og gammelordføraren Olav T. Halle fortalde om namnet Todalen. Dette er ei perle av eit lydopptak som kalla fram gode minne, rørte mange, men fekk og fram latteren i salen.

Triveleg med kaffepause. Frå venstre: Kari Kvendset, Gudmund I. Kvendset, Odd Magnar Gjeldnes, Marit Haugen, Martinus Nes og Ragnhild Gjeldnes Nes. Foto: Dordi J H

Etter ein god kaffepause vart det film ved Svein Åge Saksen. Han har gjennom mange år filma små og store hendingar i bygda, intervjua folk og samla stoff; han har vel nærast eit uuttømmeleg arkiv – svært verdifullt for bygda vår!

Filmen opna med eit fornøyeleg innslag om «Vangsgutane» frå «Norge rundt» – første gong vist i NRK 21.12.1990. Her var det berre lokale aktørar, og artig var det at fleire av dei sat i salen: Ingrid Todalshaug spela moster Ane på Hjellen, Ingri Bruset var mor Sigrid Vangen, Eivind Grønmyr – postopnar, Jon Husby – postmann, Johan K. Ørsal – Sterk-Ola. Riktig artig å sjå desse og alle dei andre som var med i fjernsynsprogrammet!

Sagmester Anders Gjeldnes. Arkivfoto frå Todalen historielag.

Deretter vart det intervju med Anders Gjeldnes (1922- 1997) frå Hyllneset. Anders arbeidde på Ansnessaga i heile 52 år, mange av åra som sagmester, og han var omtrent ikkje borte frå arbeidet. Da han starta på saga som nykonfirmant fekk han 30 øre timen. Han kunne fortelje om mykje hardt og tungt arbeid ved sagbruket, men det vart lettare og betre etter kvart som det kom maskiner som letta arbeidet. Han arbeidde under tre generasjonar sagbrukseigarar: Erling sr., Kolbjørn og Erling jr. Halle.

Skadespelar og gardbrukar Alf Ramsøy (1924 – 2014). Arkivfoto frå Todalen historielag.

Siste avdelinga i filmen var innslag frå ulike aktivitetar i 1990: dugnad ved vassverket i Lauvåa og 17. mai i 1990 – mange som fekk sjå att seg sjølve her. Møte med Alf Ramsøy som deklamerte dikt og song – mellom anna «Bekkerviså» og «Ordskiftet». Og heilt til sist innslag med «New Jobu Swingers» på Surnadal hotell, her vart det både musikk, song og dans.

Aktørar som var med i lydopptak og film i lag med filmskaparen og leiaren i historielaget. Fremst frå venstre: Øystein Moe, Ingri Bruset, Ingrid Todalshaug (Bergå), Svein Åge Saksen. Bak frå venstre: Rune Moe, Terje Nordvik, Eivind Grønmyr, Johan K. Ørsal, Hans Gundersen, John Moe, Jon Husby, Gudmund Husby. Foto: Dordi J H

Det vart ein riktig underhaldande kveld, folk kosa seg. Stor takk til Svein Åge Saksen – han har lagt ned eit imponerande arbeid til glede for oss alle! Og så er det kjekt å vite at han har meir på lager, og at det blir nye filmkveldar. 

 

 

 

Publisert: 1. mars 2017, 11:18