Godt salg av fine klubbjakker
Tysdag kveld var det tid for å hente seg ny klubbjakke, ein riktig fin og lett treningsjakke. Kasserar i Todalen idrettslag, Michal Heimlund, vart godt fornøgd med salget, nesten 100 jakker!
Vi fann 1042 artiklar i dette arkivet.
Tysdag kveld var det tid for å hente seg ny klubbjakke, ein riktig fin og lett treningsjakke. Kasserar i Todalen idrettslag, Michal Heimlund, vart godt fornøgd med salget, nesten 100 jakker!
I morgon, onsdag 21. juni, blir det siste Kløverturen i vårsesongen. Avsluttingsturen blir i Svinvika og med kaffepause i Arboretet.
Og alle var einige om at det hadde vore ein riktig fin tur, ein triveleg og innhaldsrik dag; – slik kan ein trygt oppsummere historielagsturen til Storlidalen og Oppdal laurdag 17. juni.
Todalen historielag minner om at i morgon, laurdag 17. juni, er det tid for tur til Storlidalen og Oppdal. Turen går som planlagt; bussen kjører frå Talgø møbel kl. 07.20, stopp ved Stangvik skule kl. 07.40 og ferje frå Kvanne kl. 08.00.
Svorka melder at det blir straumstans i kveld, onsdag 14. juni, frå kl. 22:00 til i morgon tidleg kl. 06:00. Dette gjeld strekninga frå Rossåa til Kårvatn. Grunnen er vedlikehald av straumnettet – skifting av trafo og pålar. Ved eventuelle spørsmål, kan ein ringe 924 20 050.
Tysdag kveld inviterte John Moe til vaskardugnad i Todalen Ungdomshus. Ungdomshuset trong no ein skikkeleg rundvask, og husformannen var spent om han fekk noko hjelp.
Midt i slåttonna inviterte banehagen og skulen i Todalen familie, naboar og vener til Tikaffe i gymsalen, og riktig mange møtte opp og kosa seg både med underhaldning, kaffe, bakels og triveleg lag.
Tysdag 13.juni blir det «Tikaffe» ved Todalen oppvekstsenter klokka 10.00!
Fredag opna glade, spente og forventningsfulle barnhageungar utstilling av eigne arbeid i Skulstuå. Her var det stor variasjon i motiv i glade fargar – retteleg flott!
Tysdag kveld inviterte trimgruppa i Todalen idrettslag til trimtur opp til Gammelsetra ytst i Kvennsetdalen. Sjølv om det var litt grått og surt ver, var det godt oppmøte med i alt tretten trimmarar.
Målet for Kløverturen denne veka var Storhaugen. Det er eit kjent og mykje nytta turmål i Todalen, idrettslaget har hatt trimbok der ei årrekke, og dei siste tre åra har det også vore Stikk UT!-post her.
Kløverturen denne veka starta i Husbygarden for å følgje den gamle ferdselsåra frå Husby og Hala og innover til Ramsøya. Turen gjekk oppover til Flathaugen der det har vore stor hogst i vinter, så no er landskapet ope og fint