Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Halvgått Stikk UT!-sesong

Dordi Jorunn Halle Måndag 31. juli 2017

Sommarsesongen for Stikk UT! varer frå 1. mai til og med 31. oktober så no er sesongen halvgått, og det er mange som er ute på tur! Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal har 17 medlemskommunar med i alt 194 turmål. Dei første tre månadene er det registrert 174 529 turar fordelt på 12 763 turgåarar på Stikk UT!-sidene. Kristiansund har flest registrerte turar – 31 600, medan Fræna har flest registrerte brukarar – nemleg 5374. Bak desse tala ligg det mykje god trim, turglede og flotte naturopplevingar!

Frå Roparen ser ein rett ned på Ørabrua. Foto: Dordi J H

I Surnadal kommune er det tolv Stikk UT!-postar med til saman 5610 registrerte turar og med 902 aktive brukarar. Flest besøk har Roparen i Nedre Surnadal med 1581 registrerte turar. Dei lokale turmåla har jamn og god trafikk der Svinvikrunden har 768 besøk, Storsetra 369 turar, Storhaugen 349 og Ytter Sulå er registert med 72 turar.

Mektig utsikt frå Ytter Sulå. Mykje snø på toppen framleis. Sulvatnet i nede i botnen. Foto: Dordi J H

Turen til Ytter Sulå er nok den mest krevjande her i kommunen, det er ikkje så langt, men bratt og mykje tung gange i steinur. Men utsikten på toppen er storslagen!

På tur opp på Sulå – utsikt mot Todalsfjella. Foto: Dordi J H

Nye turmål i Surnadal kommune i 2017

Denne sesongen vart det sju nye Stikk UT!-turar her i kommunen, riktig fine turar. Storsetra i Stangvik er ein god trimtur på godt underlag, fin utsikt både på tur opp og oppe på seterstølen. Kristiansvarden på Skarfjellet ovanfor Kvennbøgardane er eit flott og luftig utkikspunkt – turen opp er bratt, men fin!

Kristiansvarden på Skarfjellet. Foto: Dordi J H

Turen til Liabekken i Øvre Surnadal er merka som historisk vandrerute. Dette er ein gammal seterveg, og det er oppsett namneskilt langs ruta. Lite utsikt på tur opp, men triveleg rasteplass ved bekken der turbokkassen er.

Ny skilttype: «Historiske vandreruter». Foto: Dordi J H

Turen til Solemssetra startar i Litlvika i Hamnesfjorden og går oppover lia etter lune rabbar. Ein fin og ganske lett trimtur. Triveleg å ta ein rast oppe på seterstølen der det er god utsikt til gardar, grender, fjord og fjell.

Solemssetra. Foto: Dordi J H

Varden på Syltnebbå. Foto: Dordi J H

Roparen ligg ovanfor Ørabrua, og viss ein startar frå alpinsenteret er dette ein  lett og kort tur, men utsikten er det ikkje noko å seie på. Vil ein ha ein lengre tur i Nedre Surnadal, kan ein ta turen opp på Syltnebbå med start frå Surnadalsøra. Her kjem ein opp på 667 moh. Det er god og tørr stiga, og ein fin varde som gir ly mot vinden oppe på toppen. Den siste turen er opp på Bølia, 703 moh og med start frå Bøkleppen.

Utsikt frå Syltnebbå. Foto: Dordi J H

Registrering av turar

Stikk UT! er eit supert opplegg med godt merka turar og  parkeringsplassar som gjer at alle kan ta ut på tur. Det er turar for både dei med god og mindre god kondis, for dei utan særleg turerfaring, familievennlege turar –  på enkelte turar kan ein trille barnevogn, nokre turar er tilrettelagde for rullestol. Her kan alle finne eit egna turmål og bli inspirert til å prøve nye turmål! Opplegget er gratis, og turar ute i frisk luft og flott natur er godt for både sinn og kropp!

Men det er lurt at flest mogleg registrerer turane sine, for styresmaktene løyver midlar til merking av nye turstigar etter kor stor aktiviteten er!

Rasteplass ved Liabekken. Foto: Dordi J H

Utsikt frå Solemssetra. Foto: Dordi J H

På toppen av Sulå. Foto: Dordi J H

Artikkelskrivaren oppå Sulå – det er ei intens glede å kome seg opp på toppen! 42 år sidan første gongen ho var der. Utsyn mot Inner Sulå, Neådalssnotå, Rognnebbå og Folldalssnotå. Foto: IH Halle

Først publisert: 31. juli 2017, 23:18 - Sist oppdatert: 1. august 2017, 18:29