Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skulestart med fem førsteklassingar

Dordi Jorunn Halle Måndag 21. august 2017

Måndag 21. august er ein merkedag i livet for dei fem førsteklassingane ved Todalen skule, barnehagetida er over og skulen er arenaen for nye oppgåver, læring og leik i åra framover. Dei var litt spente, men gledde seg til å starte på skulen. Førsteklassingane kunne fortelje at dei er godt kjende både inne og ute på skulen, og at dei hadde treft dei fleste vaksne før. Altså ein trygg og god skulestart. Første dagen fekk dei teikneskrivebok, blyant og viskeler, og alle hadde teikna fine eller skumle spøkelse. Og i morgon blir det ny bok – lesebok – spennande!

Dei fem på første trinn er Trym, Lisa, Fredrik, Jakob og Nathalie Astrid, og dei skal gå i lag med andre trinn. I mange skuletimar er heile småskulen i lag, frå første til og med fjerde trinn.

Elevane ved Todalen skule. Foto: Kjetil Sogge.

Rektor Britt Mossing er kontaktlærar for 1. og 2. trinn, medan Anja Dalsegg Sæter er kontaktlærar for 3. og 4. trinn. For storskulen, altså trinn 5, 6 og 7, er Marit Sæter Lediard kontaktlærar. Torill Gjeldnes er faglærar. Det er berre rektor Britt som har full stilling, Anja og Marit er deltidsstudentar ved sida av lærarjobben. Andre tilsette er Ruth Hilde Kvande, Randi Helene Husby og Agnete Olsen Øyen. Ola Bruset er vaktmester og Svetlana Moen reinhaldar.

Dei større elevane syntest og at det var godt å kome i gang, det var berre blide ungar å treffe. «Ferien vart to veker for lang», vart det sagt. Vidare: «Artigt å treffe venner i dag», «Kjekt å begynne i 5. klasse!»

Etter skuletid var det full fart på SFO, her er det i år tolv ungar når alle er på plass.

Matpause på SFO. Foto: Dordi Jorunn Halle.

todalen.no ønskjer alle, små og store, ved Todalen oppvekstsenter godt nytt arbeidsår!

Publisert: 21. august 2017, 17:46