Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 1024 artiklar i dette arkivet.


Kløvertur til Brusetbotnane

Dordi Jorunn Halle Sundag 15. oktober 2017

Måndag 16. oktober går Kløverturen frå Bruset og oppover skogsvegen over Haugligardane og i retning Brusetbotnane. Turen går etter fin skogsveg – grus, og bakkane er slake. Her er det to rastebord – først frampå Kleiva med utsikt utover bygda og like etter oppå lunningsplassen ved Botnbekken. Vi går same ruta både opp og ned. Dette er ein […]


Triveleg konfirmantfest i Ungdomshuset

Dordi Jorunn Halle Sundag 15. oktober 2017

Laurdag kveld arrangerte soknerådet i Todalen konfirmantfest i Ungdomshuset; – her var både dei som vart konfirmerte i 1967 og dei som skal konfirmerast våren 2018 inviterte. Det var godt oppmøte både av konfirmantar med familie og bygdefolk, og det vart ein triveleg kveld.a


Feira 1 år i nytt fjøs

Dordi Jorunn Halle Onsdag 11. oktober 2017

For nøyaktig eit år sidan tok Olav Halle og familien i bruk nytt fjøs i Austistua på Hala i Todalen. Så i dag, 11. oktober 2017, var det både synfaring i fjøset, evaluering og bursdagsfeiring.


Kløvertur i nydeleg haustver

Dordi Jorunn Halle Måndag 9. oktober 2017

Kløverturen måndag 9. oktober gjekk frå Forsamlingshuset på Nordvik og opp til Nordviksetrene. Sol frå skyfri himmel, klår haustluft og vindstille – flott turver!


Kløvertur til Nordviksetra

Dordi Jorunn Halle Laurdag 7. oktober 2017

Måndag 11. oktober går Kløverturen til Nordviksetra. Turen går stort sett etter fin skogsveg og etter grei stiga den siste biten.


Soknerådet takka dugnadsgjeng

Dordi Jorunn Halle Onsdag 4. oktober 2017

Sommaren 2017 vart graset på kyrkjegarden i Todalen slått på dugnad, og onsdag kveld fekk dugnadsgjengen takk frå soknerådet som spanderte kaffe og nydeleg kake. Rindal og Surnadal kyrkjelege fellesråd som er ansvarleg for drifta av kyrkjene i kommunen, slit med trong økonomi og har ikkje pengar til å leige inn ferievikarar til sommarstell av kyrkjegardane.


Nyttig kurs i førstehjelp

Dordi Jorunn Halle Tysdag 3. oktober 2017

Tysdag 3. oktober arrangerte Omsorgsberedskapsgruppa i Todalen sanitetsforening det årlege kurset sitt i førstehjelp og brannvern. Om lag 25 personar møtte opp og fekk ein svært nyttig repetisjon både i brannvern og førstehjelp.


Stor innsats for UNICEF

Dordi Jorunn Halle Måndag 2. oktober 2017

Måndag 2. oktober arrangerte Todalen skule «Skoleløp for TV-aksjonen NRK UNICEF 2017». Her var det stor innsats og full fart med deltakarar frå 2 år til 96 år! Det er til å bli imponert av!


Skuleløp for TV-aksjonen 2017 og KløverRUSLEtur!

Dordi Jorunn Halle Torsdag 28. september 2017

Måndag 2. oktober arranger Todalen oppvekstsenter «SKOLELØP for TV-aksjonen NRK UNICEF 2017». Mottoet for aksjonen er: «Løp for hvert barns rett til skolegang!»


Kløverrusletur i strålande solskin

Dordi Jorunn Halle Måndag 25. september 2017

Siste måndagen i september var det duka for ny Kløverrusletur. Sola skein frå skyfri himmel og det var ikkje ein gong vind på Kvennsetørå – ideelt turver!


KløverRUSLEtur måndag

Dordi Jorunn Halle Laurdag 23. september 2017

Måndag 25. september er det Kløverrusletur. Denne dagen går turen rundt om i Kvennsetøran bustadfelt, eventuelt innover skogsvegen som startar nedanfor Myrmo. Her kan ein rusle rundt både med stavar, rullator eller krykkjer.


Kløvertur til Hjellnessetra – blir du med?

Dordi Jorunn Halle Sundag 17. september 2017

Måndag 18. september er det Kløvertur til Hjellnessetra. Turen går etter fin skogsveg i Hjellneseliene, og her kan ein ta ein rundtur eller gå att og fram.