Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Overraska prisvinnar

Dordi Jorunn Halle Onsdag 14. mars 2018

Lars Steinar Ansnes fekk målprisen for 2017. Prisen vart delt ut på årsmøtet til Nordmøre mållag på Averøy laurdag 11. mars.

Lars Steinar Ansnes er godt kjent som redaktør, men han har og ein fast blogg: Fintenkjarplassen.no. Der skriv han om ting som «opptek meg utanfor jobben – aller mest hytte- og friluftsliv, lokalhistorie, foto, bøker og musikk.» Leiaren i Nordmøre Mållag, Åsmund Ormset, som delte ut prisen poengterte at bloggen er «eit framifrå døme på nynorsk som bloggspråk». I grunngjevinga for pristildelinga står det mellom anna at Ansnes får prisen for si «tydelege utvikling i målsyn og praksis».

Ansnes er mest kjent som mangeårig redaktør for Aura Avis, men Nordmøre Mållag skriv i grunngjevinga si at «privat er han og redaktør for Jul på Nordmøre og medlem for skriftstyret for Stangvik historielag sitt årsskrift. Dei siste to åra har han vore med og skrive to bøker om setring og anna utmarksbruk. Både som redaktør og privatperson tek han ansvar for språkleg rettferd og toleranse.»  Det var ein overraska og stolt prisvinnar som sa at det forplikta å få ein slik pris, og at han vil halda fram arbeidet for norsk språk.

Vi gratulerer Lars Steinar Ansnes med prisen!

Lars Steinar Ansnes tek imot målprisen frå Åsmund Ormset. Foto: Nils Ulvund

Årsmøtet i Nordmøre Mållag var elles prega av diskusjon rundt kommunane sin manglande språkmedvit. Nordmøre Mållag er klar på at kommunane på Nordmøre i større grad må spegla det tospråklege samfunnet det er ein del av. Årsmøtet vedtok ei fråsegn der dei oppmodar alle kommunane på Nordmøre om å vedta språkbruksplanar som vil vera med på å fremje bruk av nynorsk på alle område kommunen har ansvar for.

Fråsegn frå årsmøtet til Nordmøre Mållag:

Den tospråklege kommunen på Nordmøre
I 2002 vedtok eit samla Storting at det ikkje lenger er eit mål å undergrava eksistensen av bokmål og nynorsk som sjølvstendige skriftspråk, den såkalla samnorskpolitikken. Frametter er det eit overordna mål at vi skal ha to relativt sjølvstendige skriftspråk. Og det er eit overordna mål at alle i Noreg skal identifisere bokmål og nynorsk som sine språk.

Dei aller fleste statar i verda har minst to offisielle skriftspråk. Slik sett er Noreg eit normalt land i verda. Og i dei siste 15-20 åra har mengda av produsert tekst mesta eksplodert, ikkje minst på grunn av den teknologiske utviklinga (mobil, internett osb). Ein av dei største tekstprodusentane i kommunane er kommunen sjølv.  Fordi den totale mengda av tekst og den enorme auken i etermedia og fjernsyn, har også mengda av nynorsk auka mykje:  Det har aldri vore meir nynorsk i Noreg enn i dag.

Diverre heng mange kommunar att i det gamle språkpolitiske regimet som rekna målstoda i landet vårt for ein konflikt eller eit problem. Ein måte mange kommunar har «løyst» dette på, er å kalle seg «nøytral» i språkvegen. I praksis vil dei seie å ikkje meine noko om språkutviklinga i kommunen og å ikkje ha nokon politikk for å styre språkutviklinga i ei viss lei. Enden på visa blir at rådande stode, bokmålsdominansen får halde fram og vilkåra for nynorsk blir dårlegare.

Sunndal kommune har smått om senn teke til med å arbeide seg bort frå gamal tenking om språk og språkbruk. For å kunne følgje opp statleg språk- og kulturpolitikk har kommunen starta med å utvikle ein politikk og ein praksis for språkleg jamstelling. Det vil seie å arbeide for at alle i kommunen, frå dei minste i barnehagen til elevar i grunnskulen og alle vaksne elles skal få møte og bli førde inn i begge skrifttradisjonane kvar dag.

På Nordmøre er det få kommunar som har tenkt nemnande mykje på korleis dei kan setje i verk eit arbeid for å gjera det lettast mogleg for alle i kommunen å rekne både bokmål og nynorsk som sine språk. Ein enkel måte å ta til med dette, er å laga ein språkbruksplan for kommunen. Det vil gjera det enklare for kommunen å arbeide medvite for å nå målet med den nye, moderne språkpolitikken til landet. Og det vil samstundes styrkje arbeidet i kommunane for å laga og spreie betre kommunikasjon med folket i kommunane.

Nordmøre Mållag oppmodar alle kommunane på Nordmøre til å laga eigne språkbruksplanar. Vi hjelper gjerne til med råd og idear og det finst døme på slike planar hos Landssamanslutninga for nynorskkommunar og Noregs Mållag.

Nils Ulvund, som er skrivar i Nordmøre Mållag, har sendt oss bilete, bakgrunnsmateriale og fråsegn.

 

 

Publisert: 14. mars 2018, 22:07