Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stor interesse for filmkvelden til historielaget

Dordi Jorunn Halle Onsdag 28. februar 2018

Det var fullt hus i Ungdomshuset da leiaren i historielaget, John Moe, ønskte vel møtt til filmkveld i Todalen ungdomshus. Det er tydeleg at folk set pris på historiske tilbakeblikk. Den nære historia er for mange minst like interessant som det som er meir fjernt.

Svein Åge viste fram eigenprodusert film til stor interesse for dei frammøtte. Han har mykje meir på lager, så det blir ny filmkveld om eit års tid. Foto: Dordi J H

Svein Åge Saksen var ansvarleg for film og program. Han starta tidleg opp med videokamera og filma små og store hendingar i nærmiljøet. Det er verdifullt for ettertida, og det er svært kjekt at han vil dele dette med publikum som tydeleg set pris på det dei ser og høyrer. Tysdagskvelden var det glimt frå første halvdel av 90-talet frå arrangement i barnehage, skule, ungdomshus og korpstur til Stavanger. Her fekk vi mellom anna sjå ungane som starta i den nybygde barnehagen i bygda sommaren 1990. Kjekt å sjå dei i lag med besteforeldre – dermed vart fleire generasjonar presenterte. Artige og gode gjensyn med revynummer, song og musikk.

Mange møtte fram for å sjå film! Triveleg med kaffepause slik at det blir tid til prat rundt borda. Foto: Dordi J H

Etter kaffepausen presenterte Svein Åge to innslag med Leif Halse. Det første innslaget handla om fokemusikk, og vi fekk høyre at Leif spela slåttar etter Gottfried von Eppingen og Hallvard Ørsal. I det andre innslaget vart han intervjua om korleis Vangshutane vart til og korleis teikneserien utvikla seg utover åra. Da han i 1938 fekk oppdraget med å lage ein norsk teikneserie, var det heilt ukjent sjanger for Leif og det var eit bandebrytande arbeid. Vangsgutane har gjort Todalen kjent langt utover i landet. 

Prat og kaffe høyrer med på arrangementa til historielaget. Foto: Dordi J H

Det er gledeleg for historielaget at så mange møtte fram for å sjå film, og litt ekstra stas var det at denne gongen kom det mange ungdommar både under 40 og 50 år!

Stor takk til Svein Åge for interessant filmframsyning!

Skannarpatrulja ved Ragnhild og Ingri hadde forstørra og kopiert opp bilete som var lagt fram, slik at folk kunne studere dei. Det var om og gjere å få vite namn på personane på bileta. Her er det Gudmund K. Kvendset og Ragnar Halle som lurer på om dei kjenner att nokon. Foto: Dordi J H

Publisert: 28. februar 2018, 01:05