Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Årets blinkskott

Dordi Jorunn Halle Torsdag 15. mars 2018

Randi Helene Husby vart kåra til vinnar av Årets bilete på todalen.no for biletet «Snart kommer sola». Biletet var månadens bilete for januar 2017.

Da Randi ikkje var til stades på årsmøtet til todalen.no, fekk ho overrekt premien da ho var på arbeid på Todalen oppvekstsenter onsdag ettermiddag. Premien var ei innramma forstørring av vinnarbiletet. «Det skal få ein fin plass på veggen heime,» sa Randi.

Vinnarbiletet. Foto: Randi Helene Husby.

Biletet tok ho på tur til Todalen ein av dei første dagane i januar 2017. Ho hadde vore på bading med elevane, og kjørte innover Stranda litt etter klokka ti om føremiddagen. Akkurat da ho kom inn til rasteplassen, braut sola igjennom medan det var snøfokk på toppen av Snøfjellet. Det var ei magisk stund; – ho måtte berre stoppe, nyte synet og forevige det! Ho knipsa biletet med mobiltelefon. «Du har blikk for gode motiv,» sa prisutdelaren.

«Det er første gongen at Årets bilete er teke med mobil,» kunne Jon Olav Ørsal fortelje da han overrekte premien frå todalen.no til Randi.  Og ho kunne fortelje at vinnarbiletet er det einaste ho har sendt inn til Todalen.no! Men ho likar å fotografere, no bruker ho mest mobil som så mange andre. «Eg er retteleg amatør når det gjeld fotografering,» sa Randi og var overraska over at biletet hennar fekk flest stemmer.

Kurs i bruk av kamera på mobiltelefon

Jon Olav syntest det var artig at eit «mobilbilete» vann årets biletkåring. todalen.no skal nemleg i samarbeid med Surnadal fotoklubb arrangere kurs i fotografering med mobiltelefon i slutten av april. Det er slik at mobiltelefonkamera er utruleg mykje bruka og erstattar i mange høve vanleg kamera. På kurset blir det gode råd om korleis utnytte og bruke mobilkameraet best mogleg, det blir tips om redigering av bilete mm.

Dagens bilete har vore eit fast innslag på sida til todalen.no sidan oppstarten i 2009. Det er eit populært innslag. Heldigvis er det mange som sender inn bilete, men biletansvarleg Mari ønskjer at enno fleire vil dele bileta sine med lesarane av todalen.no.

Så oppfordringa frå todalen.no er: Send inn bilete så vi kan halde fram med å ha «Dagens bilete» og bli gjerne med på kurs i april!

Randi fekk utdelt premien da ha var på jobb på Sfo. Da vart det kakelag til stor stas både for små og store! Nybaka, varm og riktig god eplekake vart servert av Randi. Foto: Dordi J H

Publisert: 15. mars 2018, 09:00